Historisk arkiv

Handlingsplan for funksjonshemma 1998-2001:

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Miljøverndepartementet

Pressemelding

Nr. 77
Dato: 09.10.98

Handlingsplan for funksjonshemma 1998-2001:

Eit samfunn meir tilgjengeleg for alle

Alle skal ha like høve til å delta på alle arenaer i samfunnet. Dette er det langsiktige målet med ein handlingsplan som no er utarbeidd for funksjonshemma. - Med god planlegging vil funksjonshemming ikkje vere til hinder for å delta på lik linje med andre i samfunnet. Vi vil ha eit samfunn som er tilpassa alle, i staden for å fjerne eller stengje ute alle dei som på ein eller annan måte ikkje passar inn, seier miljøvernminister Guro Fjellanger.

Miljøverndepartementet skal gjennomføre følgjande tiltak i handlingsplanperioden:

  • Utarbeide rundskriv til fylke og kommunar om arealplanlegging og funksjonshemma sine behov.
  • Vurdere endringar i plan- og bygningslova og rikspolitiske retningslinjer.
  • Etablere forsøks- og utviklingsprosjekt i fylke og kommunar.
  • Sørgje for at kunnskap om planlegging for funksjonshemma kjem inn i grunnutdanninga ved høgskulane, samt i etterutdanning for planleggjarar og interesseorganisasjonar.

Miljøverndepartementet har ansvaret for plandelen av plan- og bygningsloven. I tråd med sektoransvarsprinsippet i handlingsplana, er derfor satsingsområdet "Samfunnsplanlegging og brukarmedverknad" lagt til Miljøverndepartementet. Regjeringa meiner at vi kan auke tilgjenge for funksjonshemma i vid forstand gjennom systematisk og samordna planlegging. Regjeringa har som mål at all planlegging skal ta omsyn til funksjonshemma, og at lovverk og retningslinjer skal vere i tråd med dette.

Handlingsplana har hovudfokus på å gjere samfunnet meir tilgjengeleg for funksjonshemma, og inneheld fire satsingsområde:

  • Eit tilgjengeleg samfunn
  • Samfunnsplanlegging og brukarmedverknad
  • Funksjonshemma sine rettar
  • Yrkesaktivitet for funksjonshemma

Kontaktperson: Sidsel Andersen, telefon 22245948

Lagt inn 9. oktober 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen