Historisk arkiv

Jostedalsbreen nasjonalpark utvida

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Miljøverndepartementet

Pressemelding

Nr. 47
Dato 19.06.98

Jostedalsbreen nasjonalpark utvida

Regjeringa har i statsråd i går gjort vedtak om utviding av Jostedalsbreen nasjonalpark. Utvidinga er på omlag 78 km2 og femner i hovudsak om delar av Bødalen, Erdalen og Sunndalen i Stryn kommune. Etter utvidinga er arealet for nasjonalparken på omlag 1310 km2. Jostedalsbreen nasjonalpark blei oppretta i 1991. Spørsmålet om vern eller utbygging av Stryne- og Loenvassdraget var då ikkje avklart. Dette gjorde at område som kunne bli berørt av kraftutbygging og som samstundes var så verdfulle at dei var aktuelle å ha med i nasjonalparken, ikkje blei innlemma i parken. Verneverdiane i dei frodige seterdalane Bødalen, Erdalen, og Sunndalen blei difor sikra ved rikspolitiske reglar (jf § 17-1 i plan- og bygningslova) medan ein venta på Stortinget si avklaring m.o.t. framtidig disponering av vassdraga. Dei to vassdraga blei varig verna mot kraftutbygging i 1993, og Stortinget gjekk inn for å utvide nasjonalparken med dei tre dalføra under si handsaming av St. meld. nr. 62 (1991-92) "Ny landsplan for nasjonalparker og andre større verneområder i Norge". Ved å ta med dei tre dalføre får nasjonalparken eit utvida vernegrunnlag då frodige seterdalar i liten grad var med i den gamle nasjonalparken. Utvidinga gjer at ein får med ein større del av vegetasjonsgradienten frå lågland til høgfjell. Verneverdiane innafor utvidinga gjeld landskap, geologi, plante- og dyreliv, kulturhistorie og kulturminne. Spesielt kan nemnast velutvikla morenesystem, breelvsletter, område med rasmarker, pionèrvegetasjon, edelløvskogar og artsrik og relativt upåvirka flommarkskogar med rike fuglebiotopar. Områda inneheld spor etter menneskeleg aktivitet attende til jernalderen. Utvidingsområdet er òg viktig for naturoppleving og friluftsliv. Framlegget til utviding vart send på lokal høyring i mai 1996 og på sentral høyring eitt år etter. Vernereglane for nasjonalparken er i samsvar med standardreglane for denne typen verneområde. Det er i verneforskrifta berre gjort mindre justeringar som ikkje endrar bruken innafor den gamle nasjonalparkgrensa. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane skal framleis vere forvaltningsstyresmakt for nasjonalparken.

Kontaktperson: Rådgjevar Stein Kollungstad, Miljøverndepartementet, tlf.: 22 24 58 83. Nasjonalparkforvaltar Tom Dybwad, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, tlf.: 57 65 51 40.

Lagt inn 22. juni 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen