Kulturminneforvaltninga blir styrkt og bergkunsten skal reddast
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik I
Utgiver: Miljøverndepartementet
Pressemelding | Dato: 05.10.1998 | Sist oppdatert: 21.10.2006
Pressemelding
Nr. 68
Dato: 5.oktober 1998
Kulturminneforvaltninga blir styrkt og bergkunsten skal reddast
Regjeringa vil styrke kulturminneforvaltninga i fylkeskommunane med fem millionar kroner. I tillegg kjem regjeringa med framlegg om å auke løyvinga til bergkunstprosjektet til Riksantikvaren med 3,4 millionar kroner i 1999.
Nye stillingar til fylkeskommunen
Styrkinga av fylkeskommunane med fem millionar kroner i 1999,
vil føre til at halvparten av fylkeskommunane vil få dekt
kostnadene til ei stilling i tillegg til dei to dei allereie har.
Grunnen er at kulturminneforvaltninga skal bli forankra lokalt,
noko som fører med seg langt fleire oppgåver for fylkeskommunane.
- Kulturminne er viktige både fordi dei gjev oss lokal
identitet og tilhøring, og fordi dei gjev oss kunnskap om gamle
miljøvenlege tradisjonar og metodar. Derfor er det ei målsetting
for regjeringa at alle fylkeskommunane skal få tilført to nye
årsverk til kulturminneforvaltning dei nærmaste åra, seier
miljøvernminister Guro Fjellanager.
Bergkunsten er trua
Regjeringa vil auke løyvinga til bergkunstprosjektet til
Riksantikvaren med 3,4 millionar kroner. Regjeringa reknar med at
den auka løyvinga vil vere med på å framskunde arbeidet med å
bevare eit utval av desse viktige kulturminna for etterslekta.
Sentralt i tryggingsarbeidet står arbeidet med dokumentasjon og
tilstandsvurdering av dei om lag 1100 bergkunstlokalitetane som i
dag utgjer den bergkunstarven vi har her i landet. I tillegg
inneber tryggingsarbeidet at dei mest utsette bergkunstfelta blir
skjøtte og at det blir utarbeida konkrete tiltak for å konservere
dei.
Verken nasjonalt eller internasjonalt er det tilstrekkeleg kunnskap til å identifisere dei enkelte faktorane som bryt ned kunsten, eller samvirket mellom desse faktorane. Det er i dag heller ikkje tilstrekkeleg kunnskap til å stanse eller seinke nedbrytingsprosessene. Forsking og fagleg utviklingsarbeid går derfor parallelt med tryggingsarbeidet. Trusselbildet vi ser, er sett saman av mellom anna alge-, lav- og moseangrep, frostsprenging, hærverk og ureining.
Kontaktperson: Eva Nordvik, telefon 22 242 57 18
Lagt inn 5. oktober 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen