Meir pengar til sjøkart
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik I
Utgiver: Miljøverndepartementet
Pressemelding | Dato: 05.10.1998 | Sist oppdatert: 21.10.2006
Pressemelding
Nr. 70
Dato: 5.oktober 1998
Meir pengar til sjøkart
Regjeringa vil gje åtte millionar kroner ekstra til Sjøkartverket i Stavanger for å sikre landet betre elektroniske sjøkart. Karta vil redusere faren for skader på personar og miljøet, auke regulariteten og korte ned seglingsrutene.
- Gode sjøkart er særs viktige. Dei gjer at vi kan førebyggje ulykker, berge liv og hindre miljøskader som til eksempel utslepp av olje, seier miljøvernminister Guro Fjellanger.
I dag er elektroniske kart tilgjengelege for nesten heile kysten, men berre ein tredel av dei bygger på tidsmessige data. Resten er basert på opptil 100 år gamle data. Elektroniske kart baserte på gamle data er betre tilpassa satellittbaserte navigasjonshjelpemidlar enn papirkarta. Men først med tidsmessige målingar kan det potensialet for trygging og effektivisering som ligg i elektroniske sjøkart, bli fullt utnytta.
Dei mellombels karta vil i åra framover bli skifte ut med tidsmessige kart, lagde til rette etter ny internasjonal standard. Dei første av desse karta blir gitt ut i 1998. Åtte millionar kroner ekstra til Sjøkartverket vil auke produksjonen av elektroniske sjøkart vesentleg. Produksjonen av sjøkart vil vere eit prioritert område for Miljøverndepartementet i åra som kjem.
Kontaktpersoner:
Eva Nordvik, telefon 22 24 57 18
Dag Høgvard, telefon 22 24 59 17