Historisk arkiv

Miljøby og bymiljø

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Miljøverndepartementet

Pressemelding

Nr. 59
19.august 1998

Priv. til red

Miljøby og bymiljø

Konflikten mellom aukande biltrafikk, forureining og ein levande, miljøvenleg by, dette er hovudtema på eit miljøbyseminar på Hotel Caledonien i Kristiansand den 27. og 28. august. Samferdsleminister Odd Einar Dørum og miljøvernminister Guro Fjellanger vil halde innlegg og delta i ein paneldebatt.

Levande by og miljøvennleg transport

Seminaret startar den 27. august med temaet sentrum og trafikk. Her blir det mellom anna lagd vekt på gatebruk og utforming, handel, parkering og normer, sykkel- og gangtrafikk og kollektivtransport. Byboligar og trafikk er neste tema. Her vert det fokusert mellom anna på utearealer og barn, og støy og luftkvalitet.

Klimapolitikk og lokal transportpolitikk

Den 28 august kl 0900 vil miljøvernminister Guro Fjellanger innleie om Kyotoprotokollen og energibruk, tydinga for miljøbyane. Deretter vil samferdsleminister Odd Einar Dørum snakke om transportpolitikk og virkemidlar for byane. Luftforureining i byane og finansiering av miljøvennlege transportløysingar er også tema denne dagen.

Paneldebatt

Den 28. august kl 1115 blir det debatt under overskrifta "Kva kan byane gjere på kort sikt, og korleis kan dei bidra til samla plan for transportpolitikken? Korleis kan vi utvikla stabile finansieringsordningar for kollektivtrafikken i byene?

Media er invitert til å delta på heile seminaret.


Fleire opplysningar kan ein få hos:

Informasjonssjef Eva Nordvik, tlf 22 24 57 18
Rådgjevar Kjell Spigseth, telefon 22 24 59 50
Ragnhild Haug, telefon 22 24 59 53

Lagt inn 20. august 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen