Historisk arkiv

Norsk -russisk miljøvernsamarbeid vert markert i Arkangelsk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Miljøverndepartementet

Pressemelding

Nr. 60
21.august 1998

Norsk -russisk miljøvernsamarbeid vert markert i Arkangelsk

Statssekretær Jesper W. Simonsen i Miljøverndepartementet gjestar Arkangelsk i tida 19.-24. august for å ta del i opninga av ei nyrestaurert kyrkje i Kenozero nasjonalpark. Han skal også vitje verftet Zvezdotchka i byen Severodvinsk for å sjå konkrete resultat av eit norskfinansiert prosjekt om atomtryggleik i nordregionen.

Restaurering av St. Nikolaskyrkja er eit av prosjekta under det norsk-russiske miljøvernsamarbeidet. Miljøvernsamarbeidet, som i år har 10-års jubileum, er under leiing av den norsk-russiske miljøvernkommisjonen der statssekretær Simonsen er leiar på norsk side. Samarbeidet om kulturminnevern starta i 1995, og fleire prosjekt er sette igang i Murmansk, Arkangelsk og Karelen. På St. Nikolaskyrkja er dei nedste omfara av tømmer skifta ut ved bruk av norsk jekkeutstyr. - Restaureringa av ei russisk trekyrkje der ein nyttar norsk teknologi saman med russisk og norsk handverkarkunnskap, er eit døme på vellukka samarbeid til gjensidig nytte, seier statssekretær Simonsen.

Simonsen vitjar også Zvezdotchka-verftet i byen Severodvinsk der det pågår opphogging av atomdrevne u-båtar. Det norskfinansierte prosjektet går ut på å oppgradere eit eksisterande tankanlegg for flytande radioaktivt avfall. Prosjektet er med på å styrke atomtryggleiken i nordregionen. Kværner Maritime A.S. er prosjektansvarleg frå norsk side. Prosjektet har kome godt i gang. Det er ein del av den nyleg inngåtte rammeavtala mellom den norske og den russiske regjeringa om opphogging av atomubåtar og styrking av kjerne- og strålingstryggleik i nordregionen. Under vitjinga i Severodvinsk møter statssekretæren representantar for leiinga av verftet og lokale styresmakter innan miljø- og strålevern.


Kontaktpersoner:
Magne H. Røed, Miljøverndepartementet, tlf. 22 24 59 97
Harald Ibenholt, Riksantikvaren, tlf. 22 94 05 64

Lagt inn 21. august 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen