Historisk arkiv

Referansegruppe for kvoteutvalet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Miljøverndepartementet

Pressemelding

Nr. 95
Dato 18.12.98

Referansegruppe for kvoteutvalet

Utvalet som skal greie ut eit nasjonalt kvotesystem for klimagassar har fått oppnemnt ei referansegruppe. Stortinget har bedt om at kvotesystemet blir forma i aktiv dialog med dei dette vedkjem i arbeids- og næringsliv. Regjeringa har valt å ivareta omsynet til dette ved å oppnemne ei breitt samansett referansegruppe, med representantar også frå miljøorganisasjonane og frå aktuelle departement som ikkje er representerte i utvalet.

Referansegruppa skal vere eit forum der utvalet kan hente innspel og synspunkt som grunnlag for arbeidet sitt, frå ulike samfunnsinteresser og fagmiljø. Gjennom referansegruppa skal utvalet og kunne komplettere sin eigen kompetanse.

Desse er inviterte til å delta i referansegruppa:

Næringslivets hovedorganisasjon
Prosess- og foredlingsindustriens landsforening
Oljeindustriens landsforening
MILJØSOK
Norsk Petroleumsinstitutt
Norges Fiskarlag
Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon
Kommunenes sentralforbund
Landsorganisasjonen i Norge
Akademikernes Fellesorganisasjon
Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund
Norges naturvernforbund
Natur og ungdom
Fremtiden i våre hender
Miljøstiftelsen Bellona
Nord Pool
CICERO - Senter for klimaforskning
ECON - Senter for økonomisk analyse
Statistisk sentralbyrå
SNF - Stiftelsen for samfunns- og næringslivsforskning
Statens institutt for forbruksforskning
Arbeids- og administrasjonsdepartementet
Fiskeridepartementet
Kommunal- og regionaldepartementet
Landbruksdepartementet
Utenriksdepartementet
Statens forurensningstilsyn
Toll- og avgiftsdirektoratet
Konkurransetilsynet


Kontaktperson:
Eli Åsen 22 24 60 22,
eller Eva Nordvik, telefon 22 24 57 18

Lagt inn 21. desember 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen