Historisk arkiv

Regjeringa vil forsterke retten til miljøinformasjon

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Miljøverndepartementet

Pressemelding

Nr. 84/98
Dato: 30.10.98

Regjeringa vil forsterke retten til miljøinformasjon

Regjeringa ønskjer å forsterke retten til miljøinformasjon. Det er i dag sett ned eit lovutval som skal sjå om ein treng nye lovar på dette feltet. Målet er å betre tilgangen til miljøinformasjon og styrkje den informasjonen som blir gitt. Utvalet skal mellom anna kartleggje kva som er gjel-dande rett på området, og kva for internasjonale pliktar Noreg har. Dei skal også sjå på plikta styresmaktene har til å informere. Utvalet skal levere innstillinga si innan utgangen av 2000.

- Alle har krav på god og lett tilgjengeleg informasjon om korleis det står til med miljøet rundt oss - med lufta, vatnet, jorda, floraen og faunaen, og om verknadene som ulike produkt og tiltak kan ha på miljøet. Betre tilgang til informasjon vil gi den enkelte auka kunnskapar og betre høve til å kunne handle «miljøriktig», påverke vedtaks-prosessane og kontrollere at styresmaktene tar tilstrekkeleg omsyn til miljøet, seier miljøvernminister Guro Fjellanger.

Utvalet skal på eit breitt og prinsipielt grunnlag drøfte regelverket som no eksisterer og behovet for ei ny lovgiving på området. Grunnlova seier i paragraf 110b noko om kva for rett innbyggjarane har til informasjon om miljøet rundt seg. Også andre lover, så vel som internasjonale avtaler som Noreg har underteikna, har vedtak på området, men dei er ikkje systematiserte på ein heilskapleg måte. Dette skal det nye lovutvalet no ta tak i. Utvalet skal vurdere ikkje berre den retten til informasjon innbyggjarane har, men også den plikta styresmaktene og andre har til å informere. Det skal vurdere spørsmålet om aktiv informasjonsplikt og korleis miljøinformasjon kan komme inn i vedtaks-prosedyrar. Vidare skal det vurdere behovet for miljøinformasjon og vege det opp mot omsynet til mellom anna konkurranse og forretningsløyndomar.

Utvalet vil bestå av representantar frå Forbrukarrådet, Landsorganisasjonen, Kommunenes sentralforbund, Næringslivets hovedorganisasjon, Handels- og servicenæringens hovedorganisasjon, Noregs naturvernforbund, Miljøheimevernet, Noregs presseforbund, Finansdepartementet, Nærings- og handelsdepartementet, Arbeids- og administrasjonsdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet, Justisdepartementet og Miljøverndepartementet.

Sammensetning av lovutvalg for miljøinformasjon:

Professor dr juris Hans Petter Graver, Universitetet i Oslo (leder)
Fagsjef Anne Helene Lindseth, Handels- og servicenæringens hovedorganisasjon
Steinar Storelv, Kommunenes Sentralforbund
Direktør Helge Fredriksen, NHO
Førstesekretær Evy Buverud Pedersen, LO
Avd. dir Erik Selgård, Forbrukerrådet
Sentralstyremedlem Yngve Sjøgreen Foss, Naturvernforbundet
Styreleder Jan M. Vevatne, Miljøheimevernet
Opplæringsleder Trine Østlyngen, Aftenposten, Norsk Presseforbund
Førstekonsulent Kjersti Flåthen, Finansdepartementet
Fung lovrådgiver Tonje Meinich, Justis- og politidepartementet
Avdelingsdirektør Tom Hugo-Sørensen, Nærings- og Handelsdepartementet
Rådgiver Bodil Stueflaten, Kommunal- og regionaldepartementet
Rådgiver Ellen Hov Aanæs, Arbeids- og administrasjonsdepartementet
Rådgiver Trygve Hallingstad, Miljøverndepartementet


Kontaktperson: Avdelingsdirektør Ellen Hambro, telefon 22 24 58 15

Lagt inn 30. oktober 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen