Skjergardspark frå Bamble til Lindesnes
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik I
Utgiver: Miljøverndepartementet
Pressemelding | Dato: 05.10.1998 | Sist oppdatert: 21.10.2006
Pressemelding
Nr. 69
Dato: 5.oktober 1998
Skjergardspark frå Bamble til Lindesnes
Regjeringa planlegg å utvide skjergardsparken frå Bamble til Lindesnes, og har sett av midlar for å starte arbeidet i 1999.
Fylkesplanen for Vest-Agder legg til grunn at skjergardsparken bør omfatte også Lindesnes. Parken strekk seg no gjennom ti kommunar, og knyter saman rundt 500 friluftsområde til ein regional heilskap som har nasjonal verdi for rekreasjon og turliv.
- Det å tryggje og leggje til rette for friluftsliv langs kysten, er prioritert for å gjere den attraktive strandsona tilgjengeleg for allmenta, særleg nær byar og tettstader. Ved å etablere ein skjergardspark frå Bamble til Lindesnes, blir arbeidet med å sikre strandsonen for allmenta frå svenskegrensa til Hordaland ført vidare, seier miljøvernminister Guro Fjellanger.
Kontaktperson: Ivar Hjermundrud, telefon 22 24 58 99
Lagt inn 5. oktober 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen