Historisk arkiv

Kvoteutvalet legg fram innstillinga si

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Miljøverndepartementet

Pressemelding

Dato 13.12.1999
Invitasjon til pressekonferanse

Kvoteutvalet legg fram innstillinga si

Utvalet som har greidd ut eit nasjonalt kvotesystem for klimagassar (Kvoteutvalet) presenterer innstillinga si for miljøvernminister Guro Fjellanger fredag 17. desember. Pressekonferansen er på Clarion Royal Christiania Hotel kl 15.00

Leiaren for Kvoteutvalet, rådgivar Eva Birkeland frå Statistisk Sentralbyrå, legg fram utgreiinga. Utvalet har hatt som mandat å greie ut eit nasjonalt kvotesystem for klimagassar med utgangspunkt i Kyotoprotokollen. Dei mest sentrale problemstillingane har vore omfanget av systemet, kva for sektorar og kva for klimagassar kvotesystemet skal omfatte og korleis kvotane skal tildelast og omsetjast. Alternative omsetjingsformer kan vere auksjon, sal og/eller gratis tildeling. Spørsmål om kor lenge kvoten skal vare, omsetjing mellom to partar eller over børs har og vore behandla av utvalet. Den internasjonale klimapolitikken og forholdet til Kyotomekanismane, samt problemstillingar knytt til innføring av systemet har vore andre sentrale spørsmål i arbeidet.

Regjeringa oppnemnde Kvoteutvalet i oktober 1998. Medlemmane er :
rådgivar Eva Birkeland, Statistisk Sentralbyrå (leiar)
HMS-leiar Gerd Halmø, Statoil
herredsrettsdommar Anders Haugestad
styreformann Øystein Dahle, Den Norske Turistforening/Worldwatch Norden
forskar Cathrine Hagem, CICERO
professor Michael Hoel, Sosialøkonomisk Institutt, UiO
rådgivar Nina Bjerkedal, Finansdepartementet
rådgivar Peer Stiansen, Miljøverndepartementet
underdirektør Bent Fester Sunde, Nærings- og handelsdepartementet
rådgivar Ingun Hagesveen Welzien, Samferdselsdepartementet
rådgivar Lars Erik Aamot, Olje- og energidepartementet

Kvoteutvalet har og fått greidd ut sentrale spørsmål ved eit kvotesystem fra ulike utgreiingsmiljø. Det juridiske fakultet ved Universitetet i Oslo har greidd ut rettslege spørsmål knytta til eit nasjonalt kvotesystem for klimagassar. Statens forureiningstilsyn har gitt faglege bidrag til ei rekkje tema i utgreiinga. I tillegg har utvalet henta innspel og synspunkt frå ei breidt sammansett referansegruppe der både miljøvernorganisasjonar, næringsliv, arbeidstakarorganisasjonar og fagmiljø har vore representert.

Sekretariatet har vore delt mellom Miljøverndepartementet og Finansdepartementet, under leiing av Miljøverndepartementet.


Kontaktperson:
Påmelding til: Liv Westby, tlf 22 24 57 19 eller
forkontoret: tlf 22 24 57 11

Lagt inn 13. desember 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen