Historisk arkiv

Miljøforvaltninga samla under www.miljo.no

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Miljøverndepartementet

Pressemelding

Dato: 1.oktober 1999

Miljøforvaltninga samla under www.miljo.no

http://www.miljo.no er den nye inngangen til miljøforvaltninga på Internett. Med dei nye Internettsidene legg Miljøverndepartementet større vekt på nyheiter, tettare band til etatane, orientering etter tema og ungdom som målgruppe

-Gjennom Internett ønskjer vi å bidra til ei opnare forvaltning og innsikt i det statlege miljøvernarbeidet. Vi ser og gjerne at publikum kjem med innspel via nettet, seier miljøvernminister Guro Fjellanger.

www.miljo.no blir ein sentral inngang til miljøinformasjon i Noreg. Adressa er enkel, heile miljøforvaltninga er representert og annan aktuell miljøinformasjon på nettet er tilgjengeleg via miljøveven, ein temaoversikt med lenker. Eit nyutvikla kunnskapspel er første skritt på vegen mot ei satsing på ungdom og skuleverket.

Den nye nettstaden til Miljøverndepartementet er i tråd med utviklinga av Nye ODIN. Den informasjonen som ligg på Miljøverndepartementet under ODIN finn du derfor også her. Målet er at du som brukar i tillegg til statleg dokumentasjon og informasjon lett skal finne informasjon om miljøtema du er interessert i.


Kontaktperson: Ingeborg Grimsmo, telefon 22 24 57 62

Lagt inn 1. oktober 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen