Historisk arkiv

Statens kulturminneråds pris for 1999: Anlaug og Arvid Islandsmoen fra Søndre Land kommune i Oppland

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Miljøverndepartementet

Pressemelding

Dato 22.10.1999

Statens kulturminneråds pris for 1999: Anlaug og Arvid Islandsmoen fra Søndre Land kommune i Oppland

Statens kulturminneråds pris for 1999 går til ekteparet Anlaug og Arvid Islandsmoen i Søndre Land kommune i Oppland.

Ekteparet Islandsmoen får prisen for årelang ueigennyttig innsats for å hegna om kulturminne i lokalmiljøet sitt. Rådet har lagt særleg vekt på deira arbeid med å ta vare på ”Gamleskolen”, husmannsplassen ”Amundstuen” og ulike minne frå fløyting av tømmer i kommunen sitt viktigaste vassdrag. Ekteparet har klart å setja lokale kulturminne på dagsorden, og har skapt interesse for lokalhistoria i nærområdet.

Prisvinnarane er valde ut mellom 22 kandidatar frå heile landet.

Tildelinga vil skje på Oppland fylkestings samling i Lillehammer 6. - 8. desember. Prisen består av ein plakett og ein sjekk på kr. 10 000,-.

Statens kulturminneråds pris er ein årleg pris som i 1999 vert utdelt for tredje gong. Prisen går til kommunar, lag, foreiningar eller enkeltpersonar, som på særleg måte har lukkast i å få fram eit heilskapleg kulturminnevern


Kontaktperson: Leder av Statens kulturminneråd Unni Mathisen, telefon 69 11 61 45

Lagt inn 22. oktober 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen