Tilskotts- og låneordningar for 2000 - rundskriv T-1/99 sendt kommunar og fylke
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik I
Utgiver: Miljøverndepartementet
Pressemelding | Dato: 26.10.1999 | Sist oppdatert: 21.10.2006
Pressemelding
Dato: 26. oktober 1999
Tilskotts- og låneordningar for 2000 - rundskriv T-1/99 sendt kommunar og fylke
Rundskriv T-1/99 gir ei orientering om alle Miljøverndepartementet sine tilskotts- og låneordningar innan naturforvalting, kulturminnevern, forureining og regional- og lokal planlegging for år 2000.
Rundskrivet gir ei detaljert orientering om mål for ordningane, kva for tiltak som kan få tilskott, kor søknaden skal sendast, søknadsfrist og saksbehandling, samt krav til innhaldet i søknaden.
Målgruppa er kommunar, interkommunale organ, lag og organisasjonar.
Rundskrivet og søknadsskjema kan ein finne på Internett:
linkdoc022005-990586#docTilskots- og låneordningar (Rundskriv T-1/99)
eller ein kan få det sendt ved å kontakte sin kommune eller fylkesmann.
Kontaktperson: rådgivar Eyvor Kristin Aas, telefon 22 24 58 47
Lagt inn 26. oktober 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen