Historisk arkiv

Verneplan for barskog Vest-Noreg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Miljøverndepartementet

Pressemelding

Dato 17.12.1999

Verneplan for barskog Vest-Noreg

Verneplanen for barskog i Vest-Noreg er i dag vedteke i statsråd. Formålet med verneplanen er å ta vare på både dei typiske barskogområda og spesielle, sjeldne eller truga element i skogsnaturen. Verneplanen omfattar 30 område på totalt 143 kvadratkilometer barskog.

- Noreg har nokre av dei siste naturskogane i Europa. Det er derfor viktig at vi no får verna disse naturskogane, og dermed sikre mangfaldet av dyr og planter som finst i desse barskogområda, seier miljøvernminister Guro Fjellanger.

Dei naturlege barskogane på Vestlandet slik ein finn dei i fylkene Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, er uvanleg varierte, både på grunn av stor variasjon i topografi og i klima. I naturskogane finn ein artar av både planter og dyr som skil seg sterkt frå dei ein finn i barskog i aktiv drift. Utviklinga viser at arealet av naturskogar går ned, og det er registrert få store område av denne naturtypen. Mange av naturskogane i låglandet har det største biologiske mangfaldet, men det er og desse områda som har vore mest utsette for hogst. Difor har ein lagt vekt på dette elementet i verneplanen for barskog i Vest-Noreg.

Den beste måten skogbruket kan verne om artsmangfaldet på, er å etterlikne dei biologiske funksjonene i urskogen. Slik vil verna barskog mellom anna utgjere eit viktig framtidig kunnskapstilfang for skogbruket. Gjennom vern vil naturskogane på sikt utvikle seg mot urskog. Av dei 30 område som verneplanen omfattar, er 27 nye. Eitt område er tidlegare administrativt verna, og to får endra vernestatus frå landskapsvernområde. Arealet som no blir verna er totalt ca. 143 km2, og inneheld ca. 51 km2 produktiv barskog.

Følgjande 30 område er freda :

Rogaland

Foreknuten, Sandnes og Gjesdal kommunar,
Gitlandsåsen, Forsand og Strand kommunar,
Longavatnet, Hjelmeland og Forsand kommunar,
Nordstølhei, Hjelmeland kommune,
Kjølevikskorpa, Suldal kommune,
Drotninghei, Suldal kommune

Hordaland

Skogafjellet, Bømlo kommune
Sagvatnet, Bømlo kommune
Storsøy, Stord kommune
Kvernavatnet, Austevoll kommune
Gullbergnotten, Jondal kommune
Yddal, Fusa og Kvam kommunar
Hisdalen, Bergen kommune
Otterstadstølen, Modalen kommune

Sogn- og Fjordane fylke

Nordheimsdalen, Aurland kommune
Kvitingsmorki, Årdal kommune
Krakksfjellet, Solund kommune
Bargarden, Luster kommune
Sørdalen, Bremanger kommune
Kolebakkane, Gloppen kommune

Møre- og Romsdal fylke

Lundsfjellet, Rauma kommune
Vermedalen, Rauma kommune
Gjørahaugen, Sunndal kommune
Liafjellet, Ørskog og Skodje kommunar
Solevågsfjellet, Sula kommune
Barsteinstjernet, Nesset og Molde kommunar
Svartåmoen, Surnadal kommune
Krokvatnet, Aure kommune
Hisåsen, Aure kommune
Aure naturreservat, Aure kommune


Kontaktperson: Olav Bakken Jensen, telefon 22 24 58 72, eller e-post: olav.bakken.jensen@md.dep.no

Lagt inn 17. desember 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen