Historisk arkiv

Kviletidsreglar på norske skip

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Nærings- og handelsdepartementet

Pressemelding

Dato: 17. april 1998

Kviletidsreglar på norske skip

Regjeringa legg i dag fram eit forslag til reglar om innføring av krav til kviletid for vaktgåande personell om bord på norske skip. Reglane byggjer på endringar i den internasjonale konvensjonen om Standardar for trening, sertifisering og vakthald av 1978 og ein ny tilhøyrande kode vedtatt i den maritime organisasjon i FN, IMO, i 1995.

I det eksisterande lovverk er det berre arbeidstida som er regulert. Det nye forslaget vil føre med seg at vaktgåande personell som går vakter i ein 24 timars periode skal ha minst 10 timars kvile. Kviletida kan delast i to periodar der ein periode skal utgjere minst 6 sammenhengande timar.

Forslaget om å innføre krav til kviletid for vaktgåande personell på norske skip er eit ledd i arbeidet for auka tryggleik til sjøs ved reduksjon av talet på ulykker som skriv seg frå menneskeleg svikt på grunn av trøyttleik. Forslaget vil danne ei ny norm for kva som er forsvarleg drift av skip.

Kontaktperson: Bente Strømsæther Østrem, tlf: 22 24 04 82

Lagt inn 17. april 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen