Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2000: 25 millionar til etablering av språkteknologisenter på Voss

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Nærings- og handelsdepartementet

Pressemelding

Nr. 53/1999
Dato: 4. oktober 1999

Statsbudsjettet 2000:

25 millionar til etablering av språkteknologisenter på Voss

Regjeringa vil løyve 25 millionar kroner til aksjekapital i selskapet som skal utvikle Voss som språkteknologisk senter.

- Det er avgjerande at både bokmål og nynorsk kan brukast i informasjonssamfunnet. Utan offentleg og privat satsing på språkteknologi er det mest sannsynleg at vi i nær framtid må bruke engelsk i kommunikasjon med ulike datasystem. Det er ikkje akseptabelt, og det er grunnen til at Regjeringa vil bidra til auka satsing på språkteknologi, seier nærings- og handelsminister Lars Sponheim.

Språkteknologi har og eit stort næringspotensiale i Noreg. Sponheim understrekar at det offentlege sjølv har brukarbehov som vil kunne løysast betre og meir effektivt ved hjelp av språkteknologi, mellom anna i helsevesenet, justissektoren og offentleg tenesteyting.

Språkteknologi er peika ut som satsingsområde både i Voksenåsenerklæringa og Regjeringa sin næringsretta IT-plan for åra 1999-2001. Språkteknologisenteret er planlagd i eit samarbeid mellom SIVA og Voss kommune på norsk side og SAIL(1) Trust på belgisk side. Målet er at senteret - SAIL Port Scandinavia - over ein periode på tre til fem år skal bli det leiande senteret for språkteknologi i Skandinavia. Viktige oppgåver for senteret blir å legge til rette for investeringar, kompetanse- og nettverksutvikling, produktutvikling og veksthusaktivitetar med sikte på nyskaping og nyetableringar.

Framlegget til løyving til språkteknologisenteret er gitt med atterhald om at ein kjem fram til ei akseptabel avtale om statleg medverknad. Regjeringa vil og styrke forsking innan språkteknologi gjennom auka satsing i Forskingsrådet og gjennom etablering av eit eige sekretariat for norsk språkteknikk knytt til Norsk Språkråd.

(1) Speech, Artificial Intelligence and Language technology


Kontaktperson:
Statssekretær Hans Antonsen, tlf. 22 24 01 04
Informasjonssjef Øistein Øisjøfoss, tlf. 22 24 01 25

Lagt inn 4. oktober 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen