Historisk arkiv

Alle fastbuande skal sikras straum

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Dato 11.06.98

Alle fastbuande skal sikras straum

Olje- og energiminister Marit Arnstad (sp) har omgjort NVE sitt vedtak om fritak for leveringsplikt av straum til Ryggefjord i Måsøy kommune i Finnmark.

- Avslaget er begrunna i at det er fastbuande i området, og at straumforsyninga er viktig for fiskeria. Det er viktig for oss å oppretthalde straumforsyning for å tryggje framtidig busetting og næringsverksemd i distrikta, seier olje- og energiminister Marit Arnstad.

- Vedtaket omfattar ein praksis der alle område som har fastbuande eller næringsverksemd skal omfattas av forsyningsplikta. Det vil for framtida ikkje bli gitt fritak frå leveringsplikt i slike område, seier statsråd Arnstad. - Praksisen er eit ledd i Regjeringas politikk for å sikre at alle delar av landet har eit akseptabelt service- og infrastrukturtilbod.

Energiverka har leveringsplikt for elektrisk kraft innanfor sine forsyningsområde. Olje- og energidepartementet kan frita frå kravet om leveringsplikt om det foreligg særlege grunnar. Departementet må her greie ut om det er forsvarleg å halde fast på straumforsyninga gjennom det lokale nettet, tatt omsyn til dei interesser som er knytt til dei aktuelle stadene. I vurderinga står behovet for straumforsyning sentralt, sett i samanheng med busetting, næringsutøving og miljømessige forhold. Avgjera som no er teke, vil bli retningsgjevande for liknande tilfelle.

Lagt inn 3. august 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen