Historisk arkiv

Verdivurdering av Statoil

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Dato 15.07.98

Verdivurdering av Statoil

Olje- og energidepartementet har no motteke dei to årlege verdivurderingane av Statoil. Verdianslaga viser ein auke i forhold til i fjor. SBC (Swiss Bank Corporation) Warburg Dillon Read har anslått verdien i Statoil til 136 milliarder kroner og DnB Market sitt anslag er 130 mrd.

Verdivurderingane er viktige for staten i eigaroppfølginga av Statoil. I tillegg til å vurdere marknadsverdien til selskapet (som om det var børsnotert), blir det mellom anna gjennomført analyse og vurderingar av lønsemd, avkasting, soliditet, strategivalg, markedsutvikling og samanlikningar mellom Statoil og selskapet sine konkurrentar. Eigaren kan ved hjelp av verdivurderingane få eit betre innblikk i selskapet sine disposisjonar og resultat, sterke og svake sider, historisk og mogleg framtidig utvikling etc. Samanlikninga mellom Statoil og konkurrerande selskap er særs viktig for å måle om selskapet innfrir eigaren si målsetting om avkastning på lik linje med dei beste samanliknbare selskapa.

SBC Warburg Dillon Read sitt anslag på verdien i Statoil er 136 mrd kroner. Det er ein verdiauke på 15 % frå fjorårets anslag på 118 mrd. Inklusiv utbytte vil eigaren si avkastning ha auka med 18 % i forhold til i fjor. Tiltak som kostnadsreduksjonar, portefølje-optimalisering, fokus på konkurransefordelar, bruk av allianser, etc meiner Warburg Dillon Read demonstrerar ei klarare forståing av dei viktigaste faktorane for verdiskaping. Ressurs-tilgangen og resultata frå det internasjonale engasjementet ser svært lovande ut. Warburg peikar vidare på lågare resultat enn i 1996, agressivt investeringsprogram, lågare avkastning på sysselsatt kapital (8,6 % og lågare enn industrigjennomsnittet på 11,6 %) og høg gjeld.

DnB Markets sitt verdianslag på Statoil er 121-134 mrd (middelverdi 130 mrd) og det representerer ein auke på 10 %. Ved å inkludere utbytte vil eigaren si avkastning ha auka med 12,8 %. DnB peikar på at engasjementet på norsk sokkel, raffinering og marknadsføring og petrokjemi har vist lav verdiendring frå 1996/97 (svakt negativ endring), medan det internasjonale engasjementet har fått auka betydning (112 % reservetilvekst og auka andel av total verdiskaping - 6 % i 1996/97 og 22 % i 1997/98). I verdivurderingsrapporten har DnB lagt stor vekt på mulige strategiske retningar for Statoil framover. DnB framhevar spesielt behovet for sterkare fokus i selskapet og endring av eigaren sin styringsmodell.

- Eg ser positivt på verdiauken i selskapet, seier olje- og energiminister Marit Arnstad.

- Statoil står likevel overfor store utfordringar framover. Særleg er utviklinga i selskapet sitt internasjonale engasjement svært interessant. Selskapet er elles sterkt konkurranseutsett. Tiltak for betre lønsemd er naudsynt. På same tid må konsentrasjonen om kjerneverksemda styrkast, seier statsråd Arnstad.

Lagt inn 3. august 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen