Historisk arkiv

Norsk oljepolitikk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Olje- og energidepartementet

Statssekretær Håkon Giil

Norsk oljepolitikk

Sandnessjøen 13. august 1998

Eg takkar for innbydinga til årets konferanse i Sandnessjøen. Det er ei glede for meg å kunna vitje denne vakre landsdelen. Når eg i tillegg får høve til å greie ut om Regjeringa sin oljepolitikk, så seier det seg sjølv at det ikkje forringar opplevinga.

Petroleumsaktivitetane, og inntektene herifrå, er som kjent særs viktige for Noreg. I 1997 kom ein femtedel av staten sine inntekter frå petroleumsveksemda. Styringa av aktivitetane vert difor ei sentral oppgåve for regjeringa. Som rettesnor her har vi følgjande målsetjingar:

  • · ressursane skal utnyttast på ein best mogeleg måte for å sikre velferd og sysselsetjing
  • · verdiskapinga frå næringa skal kome seinare generasjonar til gode
  • · ressursane skal utvinnast i eit forsvarleg tempo
  • · Noreg skal vere eit føregangsland i miljøspørsmål
  • · vi skal syte for at næringa vert styrka gjennom internasjonal satsing

Det er ein vanskeleg balansegang å styre etter desse måla, ikkje minst fordi næringa sjølv har eit langsiktig perspektiv samstundes som prisar og etablerte sanningar endrar seg over tid. Trass i dette - eller kan hende eg skal seie på grunn av dette - tykkjer eg det er viktig at vi har ein aktiv og nøye gjennomtenkt petroleumspolitikk. Regjeringa sin politikk på området vart i vår lagde fram for Stortinget i Stortingsmelding nr. 46. Meldinga gjer greie for bakgrunnen for den petroleumspolitikken Regjeringa vil følgje. Eg vil i det følgjande kome inn på nokre hovudtrekk.

Noreg er eit lite land, men samstundes ein av dei største oljeprodusentane i verda. Det kan difor oppstå ein situasjon der olje- og gassverksemda får ei for dominerande rolle i økonomien. Dette kan gje store tilpassingsvanskar den dagen verksemda går mot slutten, mellom anna fordi den høge aktiviteten i petroleumssektoren er med på å trengje bort anna verksemd i fastlands-Noreg. Det er fyrst og fremst investeringsnivået og bruken av petroleumsinntektene som påverkar den økonomiske situasjonen. På kort sikt er utfordringa korleis ein skal unngå at petroleumsinvesteringane skaper skadelege svingingar i økonomien.

Noreg har dei seinare åra hatt eit press i økonomien. Aktiviteten er no så høg at ulempene er - og kan verte - monalege. Dette gjeld for vår nasjonaløkonomi generelt - og for næringa særskilt.

I tillegg til eit generelt press i norsk økonomi, opplever oljenæringa rekordhøge riggrater, skort på ymse typer arbeidskraft med tilhøyrande lønspress og ein klar tendens til kostnadsauke i utbyggingsprosjekta.

Denne situasjonen førte til at regjeringa i vår gjekk inn for å skuve investeringane for ei rekkje felt eit år ut i tid. Regjeringa si avgjerd fekk i hovudsak full støtte i Stortinget og reduserer eit skadeleg press i norsk økonomi. Vi vil framleis ha rekordhøge investeringar i 1998, men dette er ein konsekvens av investeringsavgjerder tekne fleire år attende i tid. Det er ikkje aktuelt å stogge desse investeringane. Lat meg leggje til at Regjeringa tok sitt standpunkt etter ein grundig dialog med oljeselskapa. Min honnør til selskapa for deira deltaking i denne dialogen.

Som ein stor oljeeksportør må vi lære å leve med uvisse om framtidig oljepris. Det siste året har prisen vore låg jamført med tidlegare. Ein vedvarande låg oljepris vil få stor verknad for Noreg - både for næringa og statsfinansane. På eit vis har vi kan hende godt av å verte minnte på at oljeprisen er ein svært usikker faktor i vår nasjonaløkonomi. Dette understrekar både verdien av eit langsiktig perspektiv og av eit berekraftig utvinningstempo.

Men omsynet til norsk økonomi på lang sikt tilseier at vi må vurdere dei tiltaka vi rår over når oljeprisen vert særskilt låg. Regjeringa vedtok difor i vår eit produksjonskutt på 3 prosent ut 1998. Andre land, både innan og utanfor OPEC, har gjort liknande vedtak. Summen av tiltaka vil etterkvart vonleg gje oljeprisen eit lyft. Ein noko høgare og meir stabil oljepris hjelper ikkje berre på norske statsfinansar, men gjev og ei betre ressursuttnytting på norsk kontinentalsokkel.

For å kunne føre ein ansvarleg økonomisk politikk må vi sjå aktivitetsnivået på sokkelen i ein brei samanheng.

I eit langsiktig perspektiv er konsesjonspolitikken det beste verkemidlet for å påverke aktivitetsnivået. Vi står her overfor ulike utfordringar i dei ulike regionane på norsk sokkel.

Nordsjøen kan i dag reknast som ein relativt mogen petroleumsprovins. Her vil det i framtida vere aktuelt å tildele område nær eksisterande infrastruktur, for eventuelt å kunna nytte denne til å produsere ressursane. Regjeringa vil difor føre ein konsesjonspolitikk der det årleg vert vurdert om det er grunnlag for tildelingar i dei nordlege og vestlege delane av Nordsjøen. Det er lagt opp til tildelingar av eit avgrensa tal utvinningsløyve i 1999. Omfanget vil verte vurdert med omsyn til mellom anna det samla aktivitetsnivået i sektoren, særleg med omsyn til investeringsnivået. Regjeringa har vidare lagt til rette for gruppesøknader i Nordsjøen. Selskapa står med dette friare enn tidlegare til å velgje sine eigne samarbeidspartnarar i utvinningsløyvene.

I Norskehavet er det større uvisse med omsyn til dei uoppdaga ressursane. Omfanget av neste konsesjonsrunde i Norskehavet vil vere avhengig av boreresultata frå 15. konsesjonsrunde. Regjeringa vil fastsetje tidspunktet for neste konsesjonsrunde i løpet av inneverande år. Nye konsesjonstildelingar i dette området vil fyrst påverke aktivitetsnivået etter 2005. Vesentleg produksjon frå nye løyve vil venteleg ikkje kunne koma før nærare år 2010. Dette er ein periode der investeringsnivået er venta å verte vesentleg lågare enn i dag og produksjonen vil vera avtakande.

I Skagerrak vil Regjeringa som kjent ikkje dele ut utvinningsølyve. Eg ser heller ikkje føre meg nye utdelingar i Barentshavet i dei næraste åra.

Staten sine inntekter frå petroleumsverksemda vil, bygd på noverande overslag, ha ei utvikling som minner mykje om produksjonsprognosen. Vi vil nå ein topp like etter århundreskiftet for deretter å oppleva ein gradvis nedgang.

I dette perspektivet er det viktig å merke seg at inntektene frå petroleumsverksemda ikkje kan reknast som statsinntekter på vanleg måte, men som inntekter genererte frå produksjon av ein ikkje fornybar ressurs, ein nasjonal formue. Noreg er internasjonalt i ein eineståande posisjon i og med at vi avset petroleumsinntektene våre i eit petroleumsfond. Dette understrekar kor viktig det er å forvalte petroleumsressursane og inntektene i eit langsiktigt perspektiv for å sikre at komande generasjonar får dra nytte av desse ressursane. Regjeringa vil følgje opp dette perspektivet samstundes som vi vil sjå om det er mogeleg å inkludere miljømessige og etiske omsyn som eit grunnlag for investeringane i oljefondet.

Lat meg så seie noko om miljøutfordringane som oljeindustrien no møter etter klimaavtala i Kyoto. Denne saka spelar ei viktig rolle for regjeringa, og vil ha store konsekvensar for petroleumsnæringa i åra framover.

Kyoto-avtala representerer eit historisk gjennombrot, ved at det for fyrste gongen vart oppnådd semje om juridisk bindande reduksjonsplikt for CO2 og andre klimagassar. Avtala er eit fyrste, viktig steg i retning av å realisera klimakonvensjonen sitt mål om å hindre "farlege menneskeskapte klimaendringar".

I det vidare arbeidet internasjonalt er det viktig at avtala vert ytterlegare konkretisert, til dømes når det gjeld opptak i skog, likeins når det gjeld reglar og retningslinjer for kvotehandel og felles gjennomføring . På neste partsmøte i november 1998 vil ein mellom anna handsama desse spørsmåla.

Kva kan ein så seie om Kyoto-avtala sin verdi for Noreg generelt og petroleumssektoren spesielt ?

Noreg tok på seg eit ansvar som fører med seg at vi i laupet av perioden 2008 til 2012 kan auke utsleppa av klimagassar med 1 % samanlikna med 1990. Dette vert krevjande når vi veit at utan nye tiltak er det venta ein vekst i norske utslepp på til saman 23 % for same periode.

Kyoto-avtala inneber at landa skal gjennomføre tiltak og nytte verkemiddel i samsvar med eigne nasjonale føresetnadar. Noreg må vera budd på å innfri sin del. Ein skal no mellom anna greie ut korleis eit nasjonalt system for kvotehandel bør verte. Petroleumssektoren si deltaking i eit slikt system vil, saman med dei internasjonale mekanismane, vere av dei tema som skal verte utgreidde. Eg vil oppmode industrien til aktivt å vere med i prosessen som vil vere sentral for å utvikle den norske klimapolitikken.

Vi ynskjer å nå Kyotomålet med bruk av minst mogeleg ressursar. Storleiken på utsleppsreduksjonane som vil verte gjennomførte innan sektoren, vil avhenge av kostnadene ved reduksjonar i denne sektoren, jamført med kostnadene i andre sektorar i Norge og ved tiltak i andre land.

Det vert allereie nytta sterke verkemiddel i sektoren når det gjeld utslepp av CO2. Den største utfordringa er difor å redusere kostnaden ved å setja tiltak ut i livet som gjev lågare utslepp. I denne prosessen må industrien som sit med detaljkunnskap om teknologi og driftstilhøve ta eit hovudansvar.

Regjeringa sitt syn er at Kyoto-avtala gjev mindre rom for bygging av dei planlagde gasskraftverka på Vestlandet enn tidlegare. Om vi byggjer desse kraftverka kan børa og kostnadene for andre sektorar verte større. I den seinare tid har mellom anna Hydro presentert planar for gassutnytting som har mindre verknad på miljøet. Eg er glad for å sjå at oljeindustrien finn fram til slike løysingar som dei samstundes meiner er økonomisk interessante. Slike løysingar kan og betre utnyttinga av petroleumsressursane. Når desse planane vert meir konkrete, vil vi kunne vurdere om dei verkeleg representerer eit godt økonomisk og miljøvenleg alternativ.

Når eg no nærmar meg slutten vil eg bruke litt tid på oljeverksemda si stilling i regionen. Leiteverksemda starta nord for 62. breddegrad i 1980. Vi har etter den tid sett at hovudfokus innan verksemda gradvis har flytta seg nordover frå Nordsjøen til Norskehavet. Det er gjort ei rekkje olje- og gassfunn som i dag er i produksjon eller under utbygging. Det er grunn til å tru at leiteaktivitetane i Norskehavet held seg på eit nivå om lag som i dag og i dei komande åra. Dette legg grunnlaget for nye funn og ei ytterlegare forsterking av Norskehavet som oljeprovins.

Spørsmålet om lokalisering av ulike funksjonar er alltid av stor interesse.

Lokalisering av driftsorganisasjonar, forsynings- og helikopterbasar er ein naturleg del av styresmaktene sitt ansvarsområde. Regjeringa reknar med at dei eksisterande basane også i åra framover kan tene den samla verksemda. Dei basane som er etablerte må få eit økonomisk grunnlag for å drive vidare. Mi haldning er at ved godkjenning av nye feltutbyggingar er det naturleg i hovudsak å byggje vidare på det mønsteret for basar og driftsorganisasjonar som allereie er nedfelt frå Stortinget si side.

Aktivitetane i Norskehavet vil kunna auke ringverknaden i lokalsamfunnet og for lokal industri. Om det blir ein ytterlegare auke i aktivitetsnivået på basane vil i stor grad avgjerast av kva slag funn som vert gjort i Norskehavet, samt kor raskt nye felt vert godkjende for utbygging. Utviklinga i Norskehavet må sjåast i lys av regjeringa sitt ynskje om langsiktige vurderingar og eit lågare totalt aktivitetsnivå. Diskusjonen vil dreie seg om kor raskt utbyggingar vert realisert.

Vi er inne i eit leiteår med stor interesse knytta til dei nye djupvassområda i Norskehavet. Resultata frå dei fyrste boringane tyder på at det kan vere store ressursar i området. Det er gjort eit gassfunn på Ormen Lange, og eit mindre gassfunn på Nyk lenger nord i Norskehavet. Utsikta for å finne meir gass i området er temmeleg stor, men det er og mogeleg å gjera oljefunn. Det er ikkje berre djupvassområda som er av interesse for vidare leiting. Det fekk vi eit døme på i vinter då det vart gjort eit oljefunn nord for Heidrun. Det er såleis eit godt utgangspunkt for vidare leiting i Norskehavet.

Lengre nord er planane for utbyggjing av Snøkvitfeltet komne godt i gong. Konsekvensutgreiingsprogrammet er sendt på høyring og vi vil framover sjå kva planane vil innehalde for oljeverksemda, miljøet og lokale verksemder. Regjeringa vil seinare ta stilling til desse planane.

Om eg skal bruke nokre ord på å summere opp hovudpunkta i det eg har sagt må eg på nytt få understreke oljeindustrien si særstilling i norsk økonomi, på godt og vondt. Dette gjev føremoner, men og somme særskilde utfordringar. Verksemda gjev økonomisk rom for velferd og sysselsetjing. Utfordringane er mellom anna knytte til verksemda sin sterke innverknad på Noreg sin økonomi. Dette gjer det naudsynt å styre verksemda når dette er til det beste for økonomien på lang sikt. Denne retten til styring og kontroll med verksemda er nedfelt i lovverket og er heilt avgjerende for å handsame petroleumsressursane i eit langsiktig perspektiv. Men inngrep må kun skje om situasjonen krev det. Ei anna utfordring eg har lagt stor vekt på, er Noreg sitt særskilte ansvar i miljøspørsmål. Kyoto-avtala legg her det grunnlaget som nasjonal miljø- og energipolitikk må byggje vidare på.

Eg vil til slutt få ynskje regionen lukke til vidare som medspelar for petroleumsnæringa.

Takk for merksemda!

Lagt inn 18. august 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen