Historisk arkiv

Halvor Stormoen frå Oslo kommune til Statsbygg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Planleggings- og samordningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 79/97
Dato 12.12.97

Halvor Stormoen frå Oslo kommune til Statsbygg

Halvor Stormoen er i statsråd fredag tilsett som administrerande direktør for Statsbygg. Stormoen er i dag avdelingsdirektør i Oslo kommune, Etat for eiendom og utbygging (Byfornyelsen), ei stilling han har hatt sidan mars 1996. Den nye statsbyggdirektøren er 48 år gammal og utdanna sivilingeniør frå NTH, bygg- og anleggslinja.

Halvor Stormoen har lang erfaring på entreprenørsida innan bygg og anlegg og har også arbeidt som sjølvstendig konsulent i byggebransjen. Bl.a. var han tilsett i dei seinare fusjonerte bedriftene Astrup & Aubert, Astrup Høyer og Aker Entreprenør frå 1978 til 1987. Her hadde han leiinga av større prosjekt, divisjonar og dotterselskap og var ein del av konsernleiinga. Frå 1987 til 1994 var han med i toppleiinga i Fagbygg/BPA, som i denne perioden gjennomgjekk store endringar og omstillingar. Frå februar 1994 til han blei tilsett i Oslo kommune var han sjølvstendig konsulent med ein stor del av arbeidsoppgåvene knytt til Forsvarets bygningsteneste.

Direktørstillinga i Statsbygg er på åremål for 6 år. Det er mogleg å bli gjenoppnemnd ein gong for ein tilsvarande periode. Statsbygg er statens sentrale byggherre, eigedomsforvaltar og rådgivar i byggje- og eigedomssaker. Bedrifta har 750 tilsette og er ei forvaltningsbedrift under Planleggings- og samordningsdepartementet (frå 1.1.98 Arbeids- og administrasjonsdepartementet).

Halvor Stormoen er busett i Gjerdrum i Akershus, er gift og har to barn.


Informasjonskontakt: Ekspedisjonssjef Kasper Holand, telefon 2224 4960.

Lagt inn 12 desember 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen