Historisk arkiv

Inger Eikesdal politisk rådgivar for Eldbjørg Løwer

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Planleggings- og samordningsdepartementet

Pressemelding

Nr: 76/97
27.10.97

Inger Eikesdal politisk rådgivar for Eldbjørg Løwer

Adjunkt Inger Eikesdal (46) frå Haugesund er oppnemnd som politisk rådgivar for statsråd Eldbjørg Løwer. Eikesdal har vore medlem av bystyret i heimbyen for Venstre sidan 1979 og har site i formannskapet frå 1983 til 1995. Sidan 1995 har ho vore leiar for teknisk utval.

Eikesdal er medlem av sentralstyret i Venstre sidan 1996, noko ho også var frå 1998 til 1990. Ho har også vore leiar for Haugesund Venstrelag i to periodar. Ho er gift og har to barn.

Den nye arbeidsplassen for Inger Eikesdal vil fram til årsskiftet vere Planleggings- og samordningsdepartementet (PSD), med politisk ansvar også for Arbeidsavdelinga i Kommunaldepartementet. Frå 1.1.98 vil departementet inngå som hovuddelen av det planlagte Arbeids- og administrasjonsdepartementet.

Lagt inn 27 oktober 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen