Historisk arkiv

Eit sterkt Telenor i konkurranse!

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr. 94/ 1997
Dato 19.12. 1997

Eit sterkt Telenor i konkurranse!

  • Eit sterkt og konkurransedyktig Telenor-konsern vil framleis vere den beste garantien for at moderne tele- og it-tenester kjem kundar over heile landet til gode.
  • Gjennom låge prisar og effektive teletenester kan Telenor vere med på å sikre målet til regjeringa om ein desentralisert busetnads- og næringsstruktur i Noreg.
  • Noreg og norske kundar skal vere hovudmarknaden for Telenor. Den internasjonale satsinga til Telenor skal ikkje gå utover oppgåver som må løysast i Noreg. Men skal vi ha ein stor og konkurransekraftig teleoperatør i Noreg med eit landsdekkjande tilbod av god kvalitet og til rimelege prisar, bør Telenor også få høve til å vekse i utlandet.

Dette er nokre av hovudpunkta i stortingsmeldinga om verksemda til Telenor AS. Meldinga, som blei lagd fram i statsråd i dag, er den andre meldinga av dette slaget, etter at Televerket i november 1994 ble gjort om til det statlege aksjeselskapet Telenor AS.

I meldinga blir det også varsla at regjeringa tidleg i 1998 - og i eit eige framlegg - vil komme tilbake til spørsmålet om å utvide eigenkapitalen til Telenor AS.

Talet på tilsette i Telenor auka i fjor: Ved inngangen 1997 var det det 19 362 tilsette i selskapet, mot 18 480 eitt år tidlegare.

Lågare teleprisar

Meldinga gir mellom anna desse opplysningane om prisutviklinga for teletenester: I 1990-åra har det vore ein prisnedgang på om lag 50 prosent for vanleg telefontrafikk, sett under eitt. For fjernsamtalar har prisnedgangen vore vel 70 prosent.

I meldinga blir det rekna med at ein i tida framover får ei utvikling med enda lågare prisar for teletenester. Det blir også rekna med at prisane i framtida i enda mindre grad vil vere avhengige av geografiske avstandar.

- Regjeringa vil fremje ei utvikling som kan føre til ein enda mindre differanse mellom fjern- og lokaltakst, går det fram av meldinga.

Maksimalprisar for landsdekkjande tenester

Gjennom ei maksimalprisordning er Telenor forplikta til å prise dei pålagde landsdekkjande tenestene innanfor ei ramme som skal sikre årlege reduksjonar i realprisane til kundane i alle delar av landet. Samferdselsdepartementet er om nødvendig innstilt på å nytte denne ordninga til å motverke uakseptable skilnader i prisane landsdelane imellom.

Effektivisering, godt tenestetilbod og desentralisering

Regjeringa legg til grunn at vidare effektivisering av verksemda til Telenor ikkje må gå utover nivået for kvalitet og service for tenestene i nokon region av landet. - Samferdselsdepartementet vil følgje utviklinga nøye på dette området. Telenor si evne til å utvikle og levere produkt og tenester med god kvalitet og service vil vere ein avgjerande faktor for konkurranseevna til konsernet i åra som kjem. Samferdselsdepartementet vil derfor lage ei eiga utgreiing om mål og resultat for kvalitet og service, heiter det i meldinga.

  • Samferdselsdepartementet vil leggje stor vekt på at effektiviseringstiltaka blir gjennomførte på ein måte som gjer at ein kan unngå oppseiingar, og at ein får til ein best mogleg distriktsmessig lokaliseringsprofil til trass for at det er nødvendig å konsentrere kjerneverksemda til færre stader. Telenorkonsernet har framleis ein svært desentralisert lokaliseringstruktur med arbeidsplasser i 125 kommunar i landet.
  • Sjølv om teknologi og konkurransesituasjon legg klare føringar, vil Telenor framleis ha vesentleg handlefridom til å velje effektive og lønsame desentrale løysingar. Samferdselsdepartementet vil understreke at Telenor framleis skal vere ei føregangsbedrift når det gjeld å få til slike løysingar, går det fram av stortingsmeldinga.

Plikt til å levere grunnleggjande teletenester over heile landet

I meldinga blir det vist til at dei gjenverande einerettane til Telenor fell bort frå og med 1. januar 1998, i tråd med tidlegare vedtak i Stortinget. Dette fører til at Telenor ikkje lenger har einerett til utbygging og drift av sjølve telenettet. Endringane fører også til at Telenor, frå samme dato, ikkje lenger har einerett til drift av offentleg taletelefoni.

Etter at eineretten til Telenor fell bort, skal Telenor framleis vere pålagd ei plikt til å levere grunnleggjande teletenester over heile landet. For Telenor er det lagt opp til at den leveringsplikta som gjeld i dag skal utvidast til også å omfatte tilknytning til digitale nett. Spesielle tenester for funksjonshemma personar og etablering og drift av telefonautomatar inngår framleis i leveringsplikta til Telenor.

I meldinga blir det vist at gjeldande regelverk gir høve til å innføre ei ordning der nettokostnadene ved leveringsplikta for taletelefoni blir fordelte på aktørane i marknaden. Samferdselsdepartementet skal i løpet av 1998 vurdere om det er nødvendig å ta i bruk ei slik ordning.

Telenor vil - til liks med andre telefonoperatørar - bli pålagt å formidle oppringing over nødnummera til politi, brannvesen og helseteneste, utan godtgjersle.

Ein del særskilde samfunnspålagde oppgåver vil frå og med 1998 bli finansierte over statsbudsjettet. Dette er tilfellet for naud- og tryggingstenesta for kystradioen, tenester som gjeld Svalbard og tenester for totalforsvaret.

Utbytte og avkastning

Samferdselsdepartementet går inn for at utbytte frå Telenor AS inntil vidare blir fastsett til 30-40 prosent av resultatet etter skatt.

Departementet vil også inntil vidare leggje til grunn eit avkastningskrav på minst 13 prosent før skatt.

- Regjeringa arbeider med å utforme generelle retningsliner for fastsetjing av avkastningskrav og utbytte for statlege selskap. Det kan derfor bli aktuelt å komme attende til avkastningskravet og utbyttenivået for Telenor, til dømes i samband med budsjettframlegg for 1999, går det fram av stortingsmeldinga om verksemda til Telenor AS.

Lagt inn 22. desember 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen