Historisk arkiv

Forslag frå regjeringa: Trondheim kommune kan forskottere vegprosjektet "Østre Rosten"

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Dato: 28. november 1997

Forslag frå regjeringa: Trondheim kommune kan forskottere vegprosjektet "Østre Rosten"

Regjeringa går inn for at Trondheim kommune skal få høve til å forskottere inntil 34 millionar kroner til arbeid med fylkesvegprosjektet “Østre Rosten” i Trondheim. Midlane som blir forskotterte skal betalast tilbake i perioden 2002 - 2007, som ein del av “Trondheimpakka”.

Prosjektet er ein del av revidert transportplan for Trondheim kommune. Denne planen er igjen lagd til grunn for eit revidert forslag til hovudvegutbygging i Trondheim-området.

Prosjektet omfattar bygging av ei 1,9 kilometer forelenging av “Østre Rosten” frå Tillerbyen til toplankryss med E 6 ved ved Sandmoen og dessutan bygging av ei gang- og sykkelvegbru, skiundergang og bomstasjon. Sambandet vil gjere sitt til at de regulerte næringsareala i området kan bli utnytta. Kostnadsoverslaget for prosjektet er på 34 millionar kroner.

Anleggsarbeidet skal etter planen ta til vinteren 1997/98, og prosjektet er venta opna for trafikk vinteren 1998/99, går det fram av eit forslag som blei lagd fram i statsråd i dag..

Lagt inn 28 november 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen