Historisk arkiv

Framlegg frå regjeringa: Eigenkapitalen i Posten Norge BA skal utvidast med 300 millionar kroner

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Dato: 28. november 1997

Framlegg frå regjeringa: Eigenkapitalen i Posten Norge BA skal utvidast med 300 millionar kroner

Eigenkapitalen i Posten Norge BA skal utvidast med 300 millionar kroner.

Regjeringa har i statsråd i dag gjort framlegg om ei løyving på 300 millionar kroner over statsbudsjettet for 1997 - for å styrkje eigenkapitalen i Posten Norge BA. Utvidinga av eigenkapitalen har samanheng med at driftsresultatet til Posten for 1997 no ser ut til å bli vesentleg dårlegare enn tidlegare venta. Svekkinga av driftresultatet er i hovudsak noko som følgjer av at ordninga med tidlegpensjon blei utvida ved lønsoppgjeret våren 1997. Denne utvidinga førte til store økonomiske konsekvensar for Posten, dels ved at ein får ein auke i forpliktingane som allereie har samla seg opp og dels ved ein auke i dei pensjonsforpliktingane som kjem seinare.

Overslag frå Statens Pensjonskasse viser at utvidinga av pensjonsordninga vil redusere gjennomsnittleg pensjoneringsalder i Posten med åtte månader, med ein auke i dei oppsamla pensjonsforpliktingane på om lag 400 millionar kroner.

Naudsynt å styrkje Posten

Regjeringa legg stor vekt på å unngå uheldige rasjonaliseringstiltak i Posten, med auka behov for nedlegging av postkontor og fare for dårlegare postservice. At driftsresultatet blir dårlegare, fører til ei svekking av soliditeten, det vil seie den økonomiske stillinga til Posten. Regjeringa finn det naudsynt med ei styrking av eigenkapitalen i Posten, og gjer derfor framlegg om ei løyving på 300 millionar kroner over statsbudsjettet for 1997.

Lagt inn 28 november 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen