Statsbudsjettet 1997: Løyvingar til riksvegvedlikehald aukar med 104,6 millionar kroner
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik I
Utgiver: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Dato: 28.11.1997 | Sist oppdatert: 21.10.2006
Pressemelding
Dato: 28 november 1997
Statsbudsjettet 1997: Løyvingar til riksvegvedlikehald aukar med 104,6 millionar kroner
Løyvingane for 1997 til vedlikehald og drift av riksvegane skal aukast med til saman 104,6 millionar kroner. Av dette beløpet skal 70 millionar kroner nyttast til å dekkje ekstrakostnader til vegbrøyting, særleg som følgje av store nedbørsmengder vinteren 1997 i Troms og til dels også i Nordland.
Dette går fram av eit forslag som regjeringa la fram i statsråd i dag.
Resten av auken i løyvingane, det vil seie 34,6 millionar kroner, skal nyttast til andre naudsynte vedlikehalds- og driftsoppgåver på riksvegnettet.
Lagt inn 28 november 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen