Historisk arkiv

Betre vilkår for regional luftfart

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr. 49/98
Dato:150598

Betre vilkår for regional luftfart

Samferdselsdepartementet vil i løpet av våren og forsommaren gjere klart eit praktisk opplegg for korleis ein kan få til eit betre ruteopplegg for dei regionale flyrutene på Helgeland og Vestlandet.

Dette går fram av ei orientering som er tatt inn i forslag til ein del endringar i statsbudsjettet for 1998.

Av orienteringa går det og fram at Samferdselsdepartementet i samband med den teknisk-operative oppgraderinga av dei regionale lufthamnene vil prioritere forlenging av rullebanene til 1200 meter ved lufthamnene Brønnøysund og Florø. - Ei slik forlenging ved nokre lufthamner vil kunne vere med å leggje tilhøva betre til rette for utviklinga av den regionale flyrutetrafikken, opplyser samferdselsminister Odd Einar Dørum.

Lagt inn 15. mai 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen