Historisk arkiv

Flyrute Noreg -Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia: Interimpex-Avioimpex får konsesjon

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr. 54/98
220598

Flyrute Noreg -Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia:

Interimpex-Avioimpex får konsesjon

Flyselskapet Interimpex-Avioimpex, som høyrer til i Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia, har i statsråd i dag fått konsesjon for drift av flyruter på desse to strekningane: Skopje - Oslo - Gøteborg - Skopje og Skopje - Gøteborg - Oslo - Skopje.

Konsesjonen er gitt på vilkår av at selskapet ikkje skal ta med passasjerar som berre skal reise på delstrekninga Oslo - Gøteborg. Konsesjonen gjeld for eitt år, rekna frå 22. mai i år.

Samferdselsdepartementet har i statsråd i dag fått fullmakt til å forlengje konsesjonen med eitt år om gongen, fram til 22. mai 2003.

Lagt inn 22 mai 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen