Historisk arkiv

Forslag frå regjeringa: Eigenkapitalen i Telenor as skal utvidast med to milliardar kroner

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr. 10/98
Dato:30.01.98

Forslag frå regjeringa:

Eigenkapitalen i Telenor as skal utvidast med to milliardar kroner

Eigenkapitalen i Telenor AS skal utvidast med to milliardar kroner. Beløpet skal løyvast over statsbudsjettet for 1998, går det fram av eit forslag som regjeringa la fram i statsråd i dag.

Utvidinga av eigenkapitalen har som føremål å gi Telenor eit betre grunnlag for å kunne oppnå stor verdiskaping, mellom anna ved at selskapet tar del i fleire lønsame prosjekt i utlandet. - Regjeringa legg òg vekt på at ei utviding av eigenkapitalen er med på å oppretthalde eit sterkt og konkurransedyktig Telenorkonsern. Dette er den beste garantien for at utviklinga av moderne tele- og informasjonsteknologi skal komme heile landet til gode. Det er ein klar føresetnad at den internasjonale satsinga ikkje skal gå ut over dei oppgåvene som må løysast i Noreg, går det fram av forslaget.

I forslaget blir det vist til at Telenor har stor kompetanse innan mobil- og satellittkommunikasjon, det vil seie på dei områda der hovudtyngda av dei internasjonale investeringane vil skje. Denne kompetansen bør utnyttast til verdiskaping, meiner regjeringa.

  • Regjeringa vil komme attende til spørsmålet om delprivatisering før ei eventuell neste utviding av eigenkapitalen i Telenor.
  • Regjeringa meiner at det vil vere føremålstenleg å tilføre Telenor to milliardar kroner i eigenkapital no, same kva som blir utfallet av samtalane om samanslåing av Telenor og Telia, går det fram av forslaget.
Lagt inn 30. januar 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen