Historisk arkiv

Jernbaneverket: 208 millionar kroner til økonomisk oppgjer med Telenor AS

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr. 122/98
Dato: 20.11.98

Jernbaneverket: 208 millionar kroner til økonomisk oppgjer med Telenor AS

Jernbaneverket skal over statsbudsjettet for 1998 få ei tilleggsløyving på 208 millionar kroner som gjeld eit økonomisk oppgjer mellom Jernbaneverket og Telenor AS. Løyvinga skal nyttast til å betale tilbake eit forskot som Telenor AS har utbetalt for leige av ledig kapasitet i fiberkabelnettet til Jernbaneverket for ein periode på opptil 10 år.

Dette går fram av eit forslag som regjeringa la fram i statsråd i dag.

Tilbakebetalinga har samanheng med at avtalepartane blei samde om å seie opp avtalen etter kort tid fordi han var klaga inn til EFTAs overvakingsorgan (ESA) som varsla at avtalen kunne bli kjent ugyldig så langt han var konkurransehindrande.

I forslaget frå regjeringa blir det vist til at Jernbaneverket - med den nye situasjonen på telemarknaden - no har inntekter frå utleige av ledige kapasitet i sine eigne telenett. Det blir derfor i forslaget lagt til grunn at tilleggsløyvinga på 208 millionar kroner skal dekkjast ved hjelp av dei inntektene som Jernbaneverket i tida framover får frå utleige av ledig telekapasitet.

Lagt inn 20. november 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen