Historisk arkiv

Lovforslag: Vektgrensa for innanlands postsendingar skal endrast frå ein til to kilo

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr. 117/98
Dato: 20.11.98

Lovforslag: Vektgrensa for innanlands postsendingar skal endrast frå ein til to kilo

Vektgrensa for innanlands brevpostsendingar, aviser og blad, skal bli to kilo, mot ein kilo etter dei reglane som gjeld i dag.

Dette er eit av hovudpunkta i eit forslag til ein del endringar i postloven. I forslaget, som blei lagt fram i statsråd i dag, blir det vist til at Noreg alt i dag er forplikta til ei vektgrense på to kilo for all internasjonal brevpost. - Ei rekkje andre land har dessutan innført to kilo som vektgrense for innanlands brevpost. Det kan derfor vere tenleg at dei norske minstekrava for landsdekkjande postsendingar kjem på line med nivået i andre land, går det fram av grunngjevinga for lovforslaget.

Forslaget fører også til at ein i sjølve postloven får ein regel som slår fast at landsdekkjande innsamling og utlevering av postsendingar skal skje minst ein gong for kvar virkedag, det vil seie seks dagar i veka, frå og med måndag til og med laurdag. Dette skal etter forslaget gjelde for brevpost, aviser og blad i abonnement og lettgods.

Krav som gjeld innsamling og utlevering av post er i dag tatt inn i konsesjonsvilkåra for Posten. I desse konsesjonsvilkåra er det i dag fastsett at utlevering av prioritert brevpost skal skje ein gong for kvar verkedag.

Lettgods

Forslaget til lovendringar fører elles til at Posten - som del av det landsdekkjande tenestetilbodet - får plikt til å formidle lettgods opptil 20 kilo. Etter dei reglar som gjeld i dag har Posten plikt til å formidle lettgods opptil 25 kilo. Endring av denne vektgrensa er - til liks med andre punkt i lovforslaget - ei oppfølging av nye reglar som no er blitt ein del av EØS-avtalen.

I forslaget er det vist til at lettgodssendingar i vektklassen 20-25 kilo

svarer til 0,2 prosent av det samla lettgodsvolumet på 13,5 millionar sendingar (tal for Bedriftspakker er ikkje tatt med). Det blir og vist til at endringa av vektgrensa gjeld berre sjølve formidlingsplikta til Posten. Dermed står Posten fritt til å oppretthalde eit tilbod om formidling av lettgods opptil 25 kilo, i fall Posten sjølv skulle finne dette ønskjeleg og tenleg, går det fram av forslaget om endringar i postloven.

Eineretten for Posten

I tråd med dei nye EØS-reglane er det vidare forslag om endringar i omfanget av den eineretten som Posten har i dag. Etter forslaget skal formidling av bøker, katalogar, aviser og blad ikkje gå inn under eineretten. Dei fleste av desse sendingane ligg alt i dag utanfor området for eineretten, fordi dei er tyngre enn vektgrensa på 350 gram eller fordi dei går som opne sendingar. Forslaget fører elles til at eineretten ikkje lenger skal omfatte brev som er lagt ved sendingar med bøker, katalogar, aviser eller blad.

Forslaget til endringar i postloven omfattar også enkelte endringar i reglane om erstatning for postsendingar og nokre lovtekniske forbetringar av lova.

Lagt inn 20. november 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen