Historisk arkiv

Riksveginvesteringar: Fordeling av tilleggsbeløp på 150 millionar kroner

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr. 134/98
Dato: 18. desember 1998

Riksveginvesteringar: Fordeling av tilleggsbeløp på 150 millionar kroner

Samferdselsdepartementet har i dag fordelt eit tilleggsbeløp på 150 millionar kroner som er løyvd over statsbudsjettet for 1999 til investeringsprosjekt på riksvegnettet.

Midlane er fordelte slik:

Stamvegnettet:

  • 30 millionar kroner til Ev 6 Korsegården – Vassum i Akershus
  • 20 millionar kroner til Ev 18 Rannekleiv – Temse i Aust-Agder
  • 20 millionar kroner til Ev 16 Lærdal – Aurland i Sogn og Fjordane
  • 30 millionar kroner til Oslofjordsambandet

Resten av riksvegnettet:

  • 30 millionar kroner til Ev 134 Sentrumsring Drammen – parsell Bragernes, i Buskerud
  • 10 millionar kroner til Rv 575 Ørmelen – Garpa i Nord-Trøndelag
  • 10 millionar kroner til Bygdesambandet i Troms

- Ved fordelinga av tilleggsbeløpet er det lagt særleg vekt på å sikre rasjonell framdrift av prosjekt som alt er sette i gang, opplyser samferdselsminister Odd Einar Dørum.

Lagt inn 18. desember 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen