Historisk arkiv

Samferdselsminister Odd Einar Dørum om: år 2000-problemet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr. 133/98
Dato: 11.12.98

Samferdselsminister Odd Einar Dørum om:

År 2000-problemet

- ”2000-problemet” er ikkje berre eit teknisk spørsmål som dataekspertane skal ta seg av. Dei som er i leiinga for offentleg forvaltning og for offentlege og private verksemder har eit særleg ansvar for å gjere seg kjent med problemet og for å sikre at arbeidet med å hindre alvorlege og skadelege verknader blir organisert og følgd opp på ein skikkeleg måte. Det er ei leiaroppgåve å leggje til rette for at dette arbeidet får dei nødvendige ressursane når det gjeld tid, pengar, arbeidskraft og fagleg kompetanse.

Dette seier samferdselsminister Odd Einar Dørum i samband med at statlege etatar og verksemder innafor samferdselssektoren er bedne om gi Samferdselsdepartementet ein ny rapport om status og vidare framdrift i

arbeid som gjeld ”2000-problemet”.

Rapportane skal sendast til Samferdselsdepartementet innan 20. januar neste år og vil ta for seg kartlegging av moglege skadelege verknader, planar og tiltak, med vekt på mellom anna særlege planar og øvingar for å handtere vanskelege situasjonar. Rapportane skal følgje eit opplegg frå Arbeids- og administrasjonsdepartementet, som har det overordna ansvaret for arbeidet i statleg forvaltning når det gjeld ”2000-problemet”.

I tillegg til desse spesialrapportane er arbeidet med ”2000-problemet” også eit emne som inngår i den faste rapporteringa som skjer frå statlege samferdselsetatar og –verksemder til Samferdselsdepartementet.

Lagt inn 11. desember 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen