Historisk arkiv

Språklege og lovtekniske endringar i teleloven

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr.132/98
Dato: 11.12.98

Språklege og lovtekniske endringar i teleloven

Regjeringa har i statsråd i dag gjort framlegg om ein del reint språklege og lovtekniske endringar i teleloven og i nokre andre lovar som også til dels tar for seg telekommunikasjonar og teletenester. Endringane fører til at lovtekstane blir enda meir tilpassa dei teknologiske og marknadsmessige endringane som er skjedde innanfor telesektoren i dei siste åra, mellom anna innføring av fri konkurranse ved utbygging og drift av telenett og teletenester.

For ein del paragrafar i teleloven og andre lovar er det alt sett i verk endringar som fører til at omgrepet ”tilbyder av offentlig telenett eller teletjenester” no er kome inn i staden for omgrepa ”teleoperatør” og ”tjenesteleverandør”. Regjeringa gjer framlegg om at slike endringar også blir gjennomførte i andre paragrafar i teleloven, slik at det dermed blir ein einsarta og tidsmessig språkbruk i heile teleloven.

For tvistemålsloven og straffeprosessloven blir det gjort framlegg om at omgrepet ”teleoperatør” skal erstattast med ”tilbyder av tilgang til telenett eller teletjenester eller teleinstallatør”.

Teletorgtenester

Regjeringa gjer også framlegg om ei endring i teleloven som vil gi ein ny heimel til å fastsetje føresegner for teletorgtenester. Etter den nye heimelen kan Samferdselsdepartementet gi føresegner om teletorgtenester. Departementet kan også gi andre, medrekna sjølvstendige organ utanfor forvaltninga, fullmakt til å fastsetje slike føresegner.

Eventuelle endringar som gjeld sjølve innhaldet i reglane for teletorgtenester vil bli lagt fram seinare, i det komande utkastet til reviderte føresegner for teletorgtenester. Styresmakter, organisasjonar og andre interesserte vil – på vanleg måte – få høve til å seie si meining om dette utkastet, før føresegnene blir endeleg fastsette.

Lagt inn 11. desember 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen