Historisk arkiv

Staten overtar regionale flyplassar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr. 21/98
06.03.1998

Staten overtar regionale flyplassar

Staten har sidan januar i fjor overtatt som eigar og ansvarleg for drifta av til saman 26 regionale flyplassar. Dei siste overtakingane skjedde i januar og februar i år. Ein har dermed fullført den statlege overtakinga som Stortinget gjorde vedtak om våren 1995.

Dette går fram av ei orientering som som er tatt inn i eit framlegg om endringar av ein del løyvingar i statsbudsjettet for 1998.

Dei 26 flyplassane har tidlegare vore eigd av kommunar i områda der flyplassane ligg, i nokre tilfelle også med med fylkeskommunar og lokale interesser som medeigarar. Staten dekte tidlegare i all hovudsak utgifter til utbygging og drift av desse flyplassane. Dette skjedde gjennom ei statleg tilskotsordning. Staten hadde dermed i praksis påtatt seg størstedelen av den økonomiske risikoen ved å byggje, utvide og drive flyplassaene, utan sjølv å eige flyplassane.

Staten har gjort avtale med dei tidlegare eigarane om utbetaling av i alt 202,5 millionar kroner som kompensasjon for dei investeringane dei tidlegare eigarne sjølve har gjennomført utan tilskot. Etter løyvingar over statsbudsjettet for 1997 og 1998 står det no att å betale om lag 102 millionar kroner av denne kompensasjonen, med tillegg av renter for delvis utsett betaling.

Staten har overatt desse regionale flyplassane:

Vadsø, Vardø, Berlevåg, Mehamn, Honningsvåg, Hammerfest, Hasvik, Sørkjosen, Stokmarknes, Narvik, Svolvær, Leknes, Røst, Mo i Rana, Sandnessjøen, Mosjøen, Brønnøysund, Rørvik, Namsos, Røros, Ørsta-Volda, Sandane, Florø, Førde, Sogndal og Fagernes (Leirin i Valdres).

Lagt inn 6 mars 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen