Historisk arkiv

Statens jernbanetilsyn: Sverre Quale tilsett som direktør

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr. 138/98
Dato: 18.12.98

Statens jernbanetilsyn:

Sverre Quale tilsett som direktør

Quale er 42 år og utdanna som sivilingeniør ved NTH i 1982. Frå 1983 til 1984 var han vitskapleg assistent ved NTH/SINTEF i Trondheim. I perioden 1984-86 var han tilsett som senioringeniør ved Kongsberg & McDermott Engineering AS. I åra 1986-90 arbeide han som avdelingsleiar i Vicon Grøner AS.

Sidan1990 har Quale arbeidd i Saga Petroleum ASA, først som fungerande tryggingssjef i Utbyggingsdivisjonen, deretter som tryggingsleiar, verifikasjonskoordinator og helse-, miljø-, tryggings- og kvalitetssjef for ”Åsgård Undervanns Utbyggingsprosjekt”. Han er no helse-, miljø- og tryggingssjef for prosjektet ”Haltenbanken Sør”.

Statens jernbanetilsyn er eit eige forvaltningsorgan som har til oppgåve å sikre interessene til det offentlege når det gjeld mellom anna tryggingsspørsmål ved bygging og drift av offentlege jernbaner, sporveg, tunnel- og forstadsbaner. Statens jernbanetilsyn skal føre tilsyn med at dei som driv jernbaneverksemd oppfyller dei krava som er stilte i jernbaneloven. Søknader om løyve til å drive jernbaneverksemd blir også handsama av Statens jernbanetilsyn.

Lagt inn 18. desember 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen