Historisk arkiv

Statsbudsjettet for 1999: 20,7 millionar kroner til Telenor for tenester til Totalforsvaret

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr. 109/98
Dato: 5. november 1998

Statsbudsjettet for 1999: 20,7 millionar kroner til Telenor for tenester til Totalforsvaret

Telenor AS skal for neste år få 20,7 millionar kroner i godtgjersle for tenester som Telenor er pålagt å utføre for Totalforsvaret.

Dette går fram av eit tilleggsforslag til statsbudsjettet for 1999. I forslaget, som blei lagt fram i statsråd i dag, er det vist til at Telenor gjennom sin konsesjon for drift av teletenester og telenett er pålagt å utføre ein del tenester for Totalforsvaret, mot godtgjersle frå staten.

Forslaget om godtgjersle for 1999 er i samsvar med det beløpet som nyleg er avtalt etter drøftingar mellom Telenor og Samferdselsdepartementet.

Lagt inn 6. november 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen