Historisk arkiv

Stortingsmelding om: Verksemda til NSB BA

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr. 131/98
Dato: 04.12.98

Stortingsmelding om: Verksemda til NSB BA

Eit sterkt og konkurransedyktig NSB-konsern vil framleis vere den beste garantien for å kunne nå målet om å få overført transport frå veg til bane, med sikte på ein meir miljøvennleg transport. Eit aktivt statleg eigarskap er i så måte eit viktig verkemiddel, særleg så lenge NSB i praksis ikkje møter konkurranse frå andre jernbaneselskap.

Dette er eit av hovudpunkta i ei stortingsmeldinga om verksemda til NSB BA. Meldinga, som blei lagd fram i statsråd i dag, tar mellom anna for seg planane til NSB i perioden 1998-2002, med særleg vekt på investeringar i nytt togmateriell. Regjeringa legg i meldinga også fram dei krav til avkastning og utbyttepolitikk som staten – som eigar av NSB – vil fastsetje for selskapet for åra 1999 og 2000.

NSB BA er eit statleg særlovselskap, med samferdselsministeren som generalforsamling. Styret og den daglege leiinga i selskapet har det samme ansvaret for selskapet som styret og leiinga i eit aksjeselskap.

Drift av person- og godstransport med jernbane er dei viktigaste oppgåvene for NSB-konsernet, som også driv reisebyrå og transport av personar og gods med bil.

NSB-konsernet omfattar morselskapet NSB BA og dotterselskapa NSB Bil AS, NSB Reisebyrå AS og NSB Gardermobanen AS. Desse dotterselskapa er fullt ut eigde av NSB BA.

Staten som eigar

Stortingsmeldinga tar i hovudsak for seg spørsmål som har utgangspunkt i staten si rolle som eigar av trafikkselskapet NSB BA. Meldinga kjem derfor ikkje nærmare inn på rammevilkår som gjeld til dømes utbygging og drift av og ”køyrevegen” til jernbanen, noko som det statlege forvaltningsorganet Jernbaneverket har ansvaret for. Det blir likevel i meldinga gjort opp status for dei rammevilkåra som har særleg mykje å seie for drifta av jernbanen i åra framover.

I meldinga blir det varsla at regjeringa vil vurdere reglane for merverdiavgift for verksemda til NSB, med sikte på mest mogeleg like vilkår i konkurransen mellom jernbanen og andre transportmiddel.

Investeringar i nytt togmateriell

I meldinga blir det vist at NSB vil gjennomføre mellom anna desse investeringane i togmateriell i åra framover:

  • 36 lokaltogsett til nærtrafikken i Oslo- og Stavangerområdet, med levering til NSB i åra 2000-2002
  • 11 dieselmotorvogner av krengjetogtypen til Røros-, Rauma- og Nordlandsbanen, med levering i 2000.
  • 16 krengjetogsett til fjerntogstrekningane Sørlands-, Dovre- og Bergensbanen, med levering i åra 1999-2001.

I tillegg vil ein vurdere investeringar som gjeld 6-12 togsett til InterCity-trafikken.

Krav til avkastning for konsernet NSB

Kravet til avkastning er eit uttrykk for eit mål for den framtidige verdiskapinga i selskapet. Samferdselsdepartementet legg til grunn at staten som eigar og investor skal krevje ei avkastning, etter skatt, på 6,8 prosent av den bokførte eigenkapitalen til NSB BA. Kravet til avkastning tar utgangspunkt i avtalen mellom NSB og staten om statleg kjøp av persontrafikktenester. Kravet byggjer elles på ei vurdering av den økonomiske risikoen for den kommersielle verksemda til NSB. I arbeidet med denne vurderinga har ein mellom anna gjennomført samanlikningar med den risikoen som er knytt til andre transportverksemder, både innanlands og utanlands.

NSB Gardermobanen AS er i første omgang ikkje tatt med i det kravet til avkastning som no er fastsett. Som grunngjeving for dette blir det vist til at det er uvisse kring opninga av jernbanetunnelen Romeriksporten og at ein ventar på ei vurdering av den økonomiske balansen til NSB Gardermobanen AS. – Kravet til avkastning må reviderast i samband med den neste stortingsmeldinga om verksemda til NSB BA, det vil seie om to år. Ei slik revidering vil skje etter ei nærmare avklaring når det gjeld økonomien til NSB Gardermobanen, går det fram av stortingsmeldinga.

Utbytte

I meldinga blir det vist til at styret i NSB BA har tilrådd at selskapet ikkje skal betale ut utbytte til eigaren, det vil seie staten, så lenge selskapet har lån frå staten og så lenge drifta er avhengig av dei statlege omstillingsmidlane på i alt 870 millionar kroner som er løyvd i samband med at selskapet blei gjort om frå ei statleg forvaltningsbedrift til eit statleg særlovselskap. Det blir og vist til at det overskotet som selskapet ventar å få i 1999 og 2000 i stor grad vil være avhengig av gevinstar ved sal av eigedelar som ikkje er direkte nødvendige for selskapet si drift.

I finansieringsplanane til NSB-styret er det lagt opp til at gevinstar ved sal av eigedelar blir nytta til eigedelar som er knytte direkte til selskapet si drift, det vil særleg seie investeringar i togmateriell. Regjeringa er samd i ein slik bruk av desse salsgevinstane og legg derfor opp til at ein ikkje skal ta ut utbytte for åra 1999 og 2000. Med dei investeringsplanane som NSB no har, vil dette likevel føre til at eigenkapitalen i åra fram mot 2000 vil stå for ein mindre del av den samla kapitalen til selskapet, enn det som er tilfelle i dag.

Samferdselsdepartementet meiner det er viktig at NSB så snart som mogleg kjem over i ein situasjon med utbetaling av utbytte. Departementet vil derfor komme tilbake til den langsiktige utbyttepolitikken i den neste stortingsmeldinga om verksemda til NSB BA. Denne meldinga blir lagd fram i 2000, og den langsiktige utbyttepolitikken for NSB-konsernet vil då vil bli sett i samanheng med dei meir generelle retningslinene for statleg forretningsverksemd.

Lagt inn 4. desember 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen