Historisk arkiv

Sykkylvsbrua skal finansierast med bompengar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr. 66/98
Dato 12. juni 1998

Sykkylvsbrua skal finansierast med bompengar

Regjeringa har i statsråd i dag gjort framlegg om at eit bompengeselskap skal få høve til å krevje inn bompengar for å finansiere bygging av fylkesvegprosjektet Sykkylvsbrua i Møre og Romsdal.

Brua skal gå mellom Ikornnes og Vik ved Aure, som er sentrum i Sykkylven kommune. Vegprosjektet er 1129 meter langt, og av dette utgjer brua om lag 800 meter. Brua vil korte inn køyrelengda mellom Ikornnes og Vik med 12,4 kilometer. Prosjektet vil føre til at Ikornnes, på vestsida av Sykkylvsfjorden, med mellom anna Ekornes Fabrikkar, vil bli knytt nærmare saman med Aure, som ligg ved riksveg 60 på austsida av fjorden.

Brua, medrekna tilføringsveg, er kostnadsrekna til om lag 127 millionar kroner. Møre og Romsdal fylkeskommune løyver 10 millionar kroner over anleggsbudsjettet, delt på åra 2003 og 2004. Resten skal dekkjast ved hjelp av bompengar, over ein periode på 15 år. I framlegget frå regjeringa blir det mellom anna vist til at bompengeselskapet har ein aksjekapital og tilsagn om ansvarleg lån som svarar til 26 millionar kroner.

- Prosjektet har god samfunnsøkonomisk lønsemd og vil binde saman Sykkylven kommune, noko som kan gi grunnlag for vidare utvikling av kommunen og regionen. Sykkylvsbrua vil også ha positive verknader for miljøet i tettstaden Straumgjerde, som vil få mindre gjennomgangstrafikk på grunn av den nye brua. Det er vidare lagt stor vekt på den lokale oppslutninga som prosjektet har i kommunen og fylkeskommunen, seier samferdselsminister Odd Einar Dørum.

Lagt inn 12. juni 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen