Utbygging av transportsystemet på Nord-Jæren: Delvis bompengefinansiering
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik I
Utgiver: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Dato: 20.11.1998 | Sist oppdatert: 21.10.2006
Pressemelding
Nr. 118/98
Dato: 201198
Utbygging av transportsystemet på Nord-Jæren: Delvis bompengefinansiering
- Handlingsplanen for utbygging av transportsystemet på Nord-Jæren omfattar eit utradisjonelt og breitt samarbeid mellom stat, fylkeskommune og kommunar. Denne satsinga på kollektivtrafikk, miljøtiltak og utbygging av jernbane, vegar, gang- og sykkelvegar er uttrykk for god norsk spleis- og dugnad. Trafikantane er også med og tar sin del gjennom ei ordning med ein bompengering, der takstane blir høgare i rushtida enn i periodar med mindre trafikk. På kveldstid og i helgene vil det bli gratis å passere.
Dette seier samferdselsminister Odd Einar Dørum i ein kommentar i samband med at regjeringa i statsråd i dag la fram eit forslag om at utbygginga av transportsystemet på Nord-Jæren skal finansierast til dels av bompengar.
- Den planlagde utbygginga vil gjere det lettare å komme fram for trafikantane. Utbygginga vil leggje til rette for lågare transportkostnader for næringslivet, styrkje kollektivtrafikken og dempe dei miljøproblema som trafikken fører til. Ei ordning med delvis bompengefinansiering av mellom anna riksveg 44 Stangeland – Skjæveland vil leggje til rette for bygging av ny godsterminal på Ganddal. Utbygginga av godsterminal i Ganddal er viktig både for gods- og persontrafikken på jernbane i området, seier samferdselsministeren.
Handlingsplanen omfattar forslag til utbygging, med tilhøyrande finansieringsplan. Dei utbyggingsprosjekta som inngår i handlingsplanen er rekna å koste i alt 2 065 millionar kroner, som er fordelt slik:
- 760 millionar kroner til fleire vegprosjekt, mellom anna desse
prosjekta:
- E 39 Forus – Stangeland, E 39 Smiene – Dusavik, E 39 Tjensvollkrysset, riksveg 13 Hove – Vatnekrossen, riksveg 44 Stangeland – Skjæveland, riksveg 44 Strandgaten/Norestaen, riksveg 44 Omkjøringsveg Klepp, riksveg 519 Solasplitten, fylkesveg 427 Storhaugtunnelen.
- 525 millionar kroner til bygging av dobbeltspor på heile jernbanestrekninga Stavanger - Sandnes/Gandal
- 230 millionar kroner til tiltak for kollektivtrafikken på veg
- 210 millionar kroner til bygging av gang- og sykkelvegar
- 175 millionar kroner til miljøtiltak
- 80 millionar kroner til tiltak for tryggare trafikk
- 10 millionar kroner til tiltak for å regulere trafikken
- 35 millionar kroner til turvegar
- 40 millionar kroner til bomstasjonar
Størstedelen av utgiftene til vegutbygging, miljø- og kollektivtiltak i området vil etter planen bli dekte ved hjelp av løyvingar over statsbudsjettet og bompengar.
Samferdselsdepartementet viser til at det er stor uvisse i kostnadsoverslaga for mange av prosjekta i planen. - På den andre sida er det lagt til grunn låge bompengetakstar og ein kort periode med innkrevjing av bompengar. For å sikre eit forsvarleg tempo i gjennomføringa av tiltaka kan det derfor bli aktuelt å sjå på nytt på føresetnadene for innkrevjing av bompengar. Men den samla bompengeperioden skal ikkje vere meir enn 15 år, går det fram av forslaget frå regjeringa.
Lagt inn 20. november 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen