Historisk arkiv

Anders Jordbakke utnemnd til avdelingsdirektør

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr. 95/99
Dato: 17.09.99

Anders Jordbakke utnemnd til avdelingsdirektør

Anders Jordbakke er i statsråd i dag utnemnd til avdelingsdirektør i Samferdselsdepartementet, der han skal leie Miljøseksjonen, i Veg- og miljøavdelinga.

Jordbakke er 42 år og utdanna som naturforvaltningskandidat og ressursøkonom frå Noregs landbrukshøgskole i 1983. I tida 1983-88 var han tilsett som konsulent og førstekonsulent i Miljøverndepartementet. Deretter var han miljøvernrådgivar i Vestby kommune fram til 1991. I tida 1991-1997 arbeidde han som rådgivar i Miljøseksjonen i Samferdselsdepartementet. Sidan 1997 har han arbeidd som seksjonsleiar og prosjektleiar i Norges Naturvernforbund og ”Stiftelsen Lillehammer Miljø”.

Lagt inn 17. september 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen