Historisk arkiv

Drift av regionale flyruter: Utvida og betre transporttilbod!

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr. 96/99
Dato: 20.09.99

Drift av regionale flyruter: Utvida og betre transporttilbod!

Widerøe’s Flyvselskap ASA er av Samferdselsdepartementet tildelt einerett for drift av dei fleste av dei regionale flyrutene som er omfatta av ordninga med statlege driftstilskott. Tildelinga gjeld for perioden frå 1. april 2000 til 31. mars 2003 og vil sikre drift av regionale flyruter ved 25 lufthamner. I tillegg til dei rutene som Widerøe skal drive, er Coast Air AS tildelt einerett for drift av rutene Florø – Oslo og Florø - Bergen, medan Arctic Air AS skal drive ruta Vardø – Kirkenes og SAS skal drive ruta Lakselv – Tromsø.

Vedtaka om tildeling av einerett for drift av regionale flyruter er gjort etter ein open konkurranse i EØS-området, der åtte norske selskap kom med tilbod om kor stor godtgjersle eller tilskott dei skulle ha frå staten for å drive ulike delar av rutenettet. Det selskapet som har det lågaste kravet om godtgjersle (tilskott) er valt, med føresetnad om at vedkommande selskap oppfyller alle dei vilkåra som er fastsette for drifta av den enkelte flyrute.

I utlysinga av tilbodskonkurransen er det gjort klart at ein slik konkurranse berre er aktuell dersom ingen flyselskap vil trafikkere rutene på forretningsmessige vilkår. For dei tre rutene Vadsø – Tromsø, Hammerfest – Tromsø og Stokmarknes – Bodø er det tidlegare gitt melding om at Widerøe vil trafikkere strekningane på reint forretningsmessige vilkår og dermed utan tilskott frå det offentlege. Trafikken på desse flystrekningane vil få ein kapasitet og standard som gir eit godt rutetilbod til dei reisande.

For strekninga Røst – Bodø har Samferdselsdepartementet, etter ny vurdering, kome fram til at bruk av helikopter på ruta ikkje vil gi god nok transportstandard. Samferdselsdepartementet vil derfor utlyse tilbodskonkurranse på nytt for denne strekninga, med krav om at ruta skal trafikkerast med fly.

Auke i kapasiteten

For dei regionale flyrutene som er omfatta av ordninga med statleg driftstilskott vil kapasiteten, sett under eitt, auke med om lag 15 prosent i høve til det tilbodet ein har i dag. Det er om lag 30 prosent over dei krava som var fastsette ved tilbodskonkurransen for drift av regionale flyruter frå 1. april 1997 til 31. mars 2000. Betringa i tilbodet kjem først og fremst til uttrykk gjennom krav om auka setekapasitet. I vilkåra for tilbodskonkurransen er det elles krav om at mange av rutene skal trafikkerast med færre mellomlandingar enn før, det vil seie fleire direkteruter. Det er òg fastsett vilkår om at selskapa må auke produksjonen undervegs i treårsperioden dersom setebelegget i ein sesong blir høgare enn 70 prosent.

Tildeling av einerett for drift av regionale flyruter, med driftstilskott frå staten blir slik:

SelskapRuteområde/strekningTilskott for ein periode
på tre år

millionar kroner
Arctic Air ASVardø – Kirkenes36,945
Coast Air ASFlorø – Oslo og Florø – Bergen52,905
SASLakselv – Tromsø39,000
WiderøeRuter mellom Vadsø, Båtsfjord, Berlevåg, Mehamn, Honningsvåg og Hammerfest, og ruter mellom disse lufthamnene og Kirkenes og Alta
Hasvik – Tromsø, Hasvik – Hammerfest, Sørkjosen – Tromsø
326,173
WiderøeAndenes – Bodø, Andenes – Tromsø44,698
WiderøeSvolvær – Bodø, Leknes - Bodø0
WiderøeNarvik (Framnes) – Bodø22,103
WiderøeBrønnøysund – Bodø, Brønnøysund – Trondheim
Sandnessjøen – Bodø, Sandnessjøen – Trondheim
119,949
WiderøeMo i Rana – Bodø, Mo i Rana – Trondheim, Mosjøen – Bodø, Mosjøen – Trondheim og Namsos – Trondheim, Rørvik – Trondheim

177,942

WiderøeFørde – Oslo og Førde – Bergen

51,056

WiderøeSogndal – Oslo, Sogndal – Bergen
Sandane – Oslo, Sandane – Bergen, Ørsta -Volda – Oslo, Ørsta -Volda - Bergen

168,082

På dei fleste rutestrekningane vil trafikken bli utført av fly med plass til 37 passasjerar. For rutene Bergen – Florø og Oslo - Florø vil det bli nytta fly av typen ATR 42, med 46 sete, medan ruta Lakselv – Tromsø vil bli trafikkert av fly av typen Fokker 50, med 50 sete. Strekninga Vardø – Kirkenes vil få rutetrafikk med fly av typen Dornier 228, med 16 sete.

Samferdselsdepartementet tar sikte på at kontrakt for drift av rutene kan underteiknast om kort tid.

Den gjennomsnittlege årlege godtgjersla frå staten til flyselskapa i kontraktperioden utgjer 346,3 millionar kroner, mot om lag 260 millionar kroner i kontraktane for dei tilsvarande rutene i dag. Auken må sjåast i samanheng med mellom anna det utvida tilbodet.

Lagt inn 20. september 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen