Historisk arkiv

Ekspressbussruter: Personbilen er den viktigaste konkurrenten

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 152/1999
Dato: 23.12.1999

Ekspressbussruter: Personbilen er den viktigaste konkurrenten

Personbilen er den største og viktigaste konkurrenten til ekspressbussane. 10 - 50 prosent av trafikken med ekspressbussar er reisande som elles ville ha reist med personbil. Omfanget av den trafikken som blir overført frå personbil til ekspressbuss aukar dess lengre reiseavstanden er.

Dette viser ei utgreiing som Hjellnes Cowi AS har utført på oppdrag frå Samferdselsdepartementet. Utgreiinga byggjer mellom anna på nye undersøkingar av konkurransetilhøva for ulike typar av ekspressbusstilbod. Resultata frå desse nye utgreiingane er og vurderte i lys av tidlegare undersøkingar.

Sett under eitt tar ekspressbussane vanlegvis fleire passasjerar frå privatbilen enn frå toget. Men for ekspressbussen er dei ”tidlegare togpassasjerane” viktige, og dei utgjer frå 15 til 40 prosent av alle passasjerar som reiser med ekspressbuss. For toget, derimot, utgjer overført trafikk om lag 1 – 3 prosent av togtrafikken, går det fram av rapporten.

Konkurransen mellom ekspressbuss og bil er større enn konkurransen mellom buss og tog. Kollektivtrafikken, sett under eitt, hevdar seg sterkast i konkurransen med personbil på nettopp dei strekningane der det også er størst konkurranse mellom ekspressbuss og tog, det vil seie på dei strekningane der trafikantane også kan velje mellom fleire former for kollektivtransport. Konkurransen mellom ekspressbuss og personbil blir mindre dess meir ekspressbussane driv rutetrafikk parallelt med togtrafikken.

”TIMEkspressen” – i ei særstilling

”TIMEkspressen” skil seg ut frå andre ekspressbussruter. Denne ruta trafikkerer strekninga Notodden – Kongsberg – Oslo. Ruta har mange avgangar kvar dag, reisene er korte og tilbodet konkurrerer med toget i reisetid. Dette gir eit anna kundegrunnlag enn for tradisjonelle ekspressbussar. Utgreiinga viser til at ”TIMEkspressen” har tatt om lag ein tredel av togtrafikken på denne fellesstrekninga.

Nytt tilbod – fører til større trafikk

Utgreiinga viser at opprettinga av ekspressbussrute fører til at det, samla sett, blir fleire reisande. På dei ekspressbussrutene som no er undersøkte er om lag fem til ti prosent av trafikken nyskapt trafikk. Utifrå erfaringar frå andre utgreiingar blir det konkludert med at reell nyskapt trafikk på dei aktuelle ekspressbussrutene utgjer frå fem til femten prosent. Utgreiinga viser elles at det er ein større del nyskapt trafikk på strekningar i område heilt eller delvis bortanfor jernbanen enn på strekningar der ekspressbussane går parallelt med jernbanen.

Lagt inn 23. desember 1999 av Statens forvaltningsteneste, ODIN-redaksjonen