Historisk arkiv

Flyruter Noreg - Australia: Qantas får konsesjon

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr. 69/1999
Dato: 11.06.1999

Flyruter Noreg - Australia:

Qantas får konsesjon

Det australske flyselskapet Qantas har i statsråd i dag fått konsesjon for drift av flyruter på strekningane Sydney - London - Oslo og Melbourne - London - Oslo. Konsesjonen gjeld for ein periode på fem år, rekna frå 11. juni i år.

Flygingane skal skje i eit samarbeid med det britiske flyselskapet British Airways.

Lagt inn 11. juni 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen