Historisk arkiv

Flyruter Noreg - USA: Braathens får konsesjon

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr. 41/99
Dato: 09.04.99

Flyruter Noreg - USA: Braathens får konsesjon

Flyselskapet Braathens ASA har i statsråd i dag fått konsesjon for drift av flyruter mellom Noreg og USA. Konsesjonen gjeld for ein periode på fem år, rekna frå 9. april i år.

Selskapet ønskjer i første omgang ikkje sjølv å utføre flygingane, men vil i staden samarbeide med det amerikanske flyselskapet Northwest Airlines. Dette flyselskapet fekk i mars i år konsesjon for drift av flyruter på strekninga Oslo-Minneapolis/St. Paul. Med eit slikt samarbeid vil Braathens kunne setje sine eigne rutenummer på billettane for desse flygingane og for enkelte av Northwest sine flygingar vidare til amerikanske byar bortanfor Minneapolis/St. Paul. Det nederlandske flyselskapet KLM er også med i dette samarbeidet.

Lagt inn 12. april 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen