Historisk arkiv

Framleis førehandsbompengar – byggjestart er venta i 2002

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 138/99
Dato: 26.11.1999

Eiksundsambandet: Framleis førehandsbompengar – byggjestart er venta i 2002

Regjeringa har i statsråd i dag gjort framlegg om å forlengje ordninga med innkreving av førehandsbompengar for å finansiere delar av utgiftene til bygging av Eiksundsambandet på riksveg 653 i Møre og Romsdal. Førehandsbompengane blir kravde inn som eit påslag i takstane for alle trafikantgrupper i ferjesambandet Eiksund – Rjånes.

Utbygging av prosjektet er rekna å koste i alt 750 millionar 1999-kroner, som etter planane skal finansierast ved ein kombinasjon av statlege midlar og bompengar. Det er no rekna med at bompengar kan finansiere om lag 150 millionar kroner av investeringskostnadene. Dette svarar til ein bompengedel på 20 prosent.

Regjeringa går i framlegget inn for at utbygginga kan ta til i 2002, under føresetnad av at Eiksundsambandet får topp prioritet innanfor fylkesfordelt ramme i Nasjonal transportplan 2002-2011, og at bompengar og lokalt finansieringstilskot utgjer minst 30 prosent av dei samla utbyggingskostnadene.

Prosjektet Eiksundsambandet omfattar mellom anna bygging av ein nær 7 800 meter lang undersjøisk tunnel mellom øya Eika i Ulstein kommune og Steinnesstranda på grensa mellom kommunane Ørsta og Volda.

Utbygging av prosjektet vil føre til at dei fire øykommunane Hareid, Ulstein, Herøy og Sande, med til saman 22 000 innbyggjarar får ferjefritt vegsamband til fastlandskomunnane Ørsta og Volda, med til saman om lag 18 000 innbyggjarar. Dei fire øykommunane er i dag knytte saman med vegar og bruer, medan fire ferjesamband og ei snøggbåtrute gir samband til fastlandet. Utbygginga av Eiksundsambandet vil avløyse ferjesambandet Eiksund- Rjånes, som etter planen skal leggjast ned når den nye vegen er bygd ferdig.

Lagt inn 29. november 1999 av Statens forvaltningsteneste, ODIN-redaksjonen