Historisk arkiv

Gassdriven ferje i sambandet Åfarnes Sølsnes

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr. 54/99
10.05.99

Møre og Romsdal:

Gassdriven ferje i sambandet Åfarnes Sølsnes

På riksvegferjesambandet Åfarnes-Sølsnes i Møre og Romsdal skal det setjast inn ei gassdriven ferje. Kontrakt om bygging av ei slik ferje er no inngått, og ferja skal leverast til Møre og Romsdal Fylkesbåtar AS. Ferja skal ha plass til 100 bilar og kan ta inntil 300 passasjerar. Dette vil bli det første passasjerskip i verda som er bygt etter eit eige regelverk for bygging og drift av slike skip. Den nye ferja skal byggjast ved verft i Noreg.

Dette går fram av ei orientering frå regjeringa, i samband med framlegging av revidert statsbudsjett for 1999.

Bygging og drift av den nye ferja er ein del av Samferdselsdepartementet sine forsøks- og utviklingsprosjekt med bruk av gass som drivstoff innanfor samferdselssektoren. For drift av gassferja på sambandet Åfarnes-Sølsnes er det lagt til grunn at ein skal nytte flytande gass (LNG Liquid Natural Gas) som skal leverast med tankbil frå anlegget til Statoil på Tjeldbergodden, på Nordmøre.

I orienteringa blir det vist til at investeringskostnadene for den gassdrivne ferja vil bli om lag 30 millionar kroner høgare enn for ei tilsvarande dieseldriven ferje. Kostnadene vil bli fullt ut dekte innanfor løyvingane til Statens vegvesen.

Lagt inn 10. mai 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen