Historisk arkiv

Konkurransetilhøva i Statens vegvesen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr. 82/1999
Dato: 2. juli 1999

Konkurransetilhøva i Statens vegvesen

- Statens vegvesen må ha ei god og effektiv organisering av sin entreprenørverksemd. For å nå desse måla kan vi organisere verksemda på ulike måtar. Rapporten frå Statskonsult vil inngå som en viktig del av Samferdselsdepartementets arbeid med å stake ut kursen for Statens vegvesen i tida framover.

Dette seier statssekretær Svein-Ottar Sandal i ein kommentar til at Samferdselsdepartementet i dag har tatt i mot rapporten ”Kartlegging av konkurranseforholdene i Statens vegvesen”. Rapporten er laga av Statskonsult på oppdrag frå Samferdselsdepartementet.

Rapporten har som hovudmål å kartleggje korleis konkurransetilhøva er for produksjonsverksemda i Statens vegvesen og gjere framlegg om moglege tiltak.

Sandal visar til at det er viktig av vi har eit vegvesen som kan løyse dagens og framtidas vegpolitikk på ein tilfredsstillande måte. – Vi bør erkjenne at statlege verksemder må tilpasse seg eit konkurransemarknad, samtid som vi sikrar samfunnsmessig styring, seier han.

Samferdselsdepartementet legg opp til å omtale Statskonsults rapport nærare i statsbudsjettet for 2000.

Lagt inn 2. juli 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen