Historisk arkiv

Luftfartsføremål: Eit godt flytilbod for distrikta

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr. 102/1999
Dato: 4. oktober 1999

Luftfartsføremål:

Eit godt flytilbod for distrikta

Regjeringa gjer framlegg om å løyve i alt 1 196 millionar kroner til luftfartsføremål i 2000.

Utgiftene til drift av det statlege luftfartsnettet vil også i 1999 i all hovudsak bli dekte av dei inntektene staten har frå luftfarten, det vil seie inntekter frå luftfartsavgifter og frå forretningsverksemd ved flyplassane.

355,3 millionar kroner er sett av til statleg kjøp av flyrutetenester, mot 271 millionar kroner i 1999. Beløpet, som gjeld tilskott til trafikk på regionale flyrutestrekningar i 2000, er basert på gjeldande anbodskontraktar til og med 31. mars 2000 og på handsaminga av anbod som ble lyst ut våren 1999 for drift av regionale flyruter frå 1. april 2000. 118,4 millioner kroner er foreslått som tilskott til regionale flyplassar. Størstedelen gjeld kompensasjon til Luftfartsverket for delvis dekning av investerings- og driftskostnader ved dei regionale lufthamnene.

Investeringar: 699 millionar kroner

Til investeringar ved lufthamnene, utanom Oslo lufthamn Gardermoen, er det sett av i alt 699 millionar kroner, fordelt med 542,4 millionar kroner på stamrutenettet og 156,6 millionar kroner til dei regionale lufthamnene.

Større bygg og anlegg ved stamruteflyplassane.

Innanfor investeringsmidlane for stamrutenettet er 202,6 millionar kroner sett av til større bygg og anlegg ved stamruteflyplassane, med denne fordelinga:

  • 10 millionar kroner som sluttløyving til arbeid med ny taksebane ved Trondheim lufthamn.
  • 34,5 millionar kroner til nytt driftsbygg ved Tromsø lufthamn, Langnes.
  • 50 millionar kroner til planlegging, prosjektering, grunn- og fundmamentarbeid for nytt ekspedisjonsbygg ved Stavanger lufthamn, Sola.
  • 27,9 millionar kroner til utskifting av terminalradar ved Stavanger lufthamn, Sola.
  • 30,5 millionar kroner til utviding av bagasjehall ved Bergen lufthamn, Flesland.
  • 24,7 millionar kroner til forlenging av rullebanen ved Kirkenes lufthamn, Høybuktmoen.
  • 25 millionar kroner som første løyving til utskifting av flykontrollsystem ved kontrollsentralane ved lufthamnene i Stavanger, Trondheim, Bodø og Bergen.

Bardufoss lufthamn

I budsjettframlegget blir det vist til at kostnadene for oppføring av nytt terminalbygg ved Bardufoss lufthamn no ser ut til å bli større enn tidlegare rekna med. Kostnadsoverslaget har auka frå 20 millionar kroner til 31 millionar kroner. Samferdselsdepartementet vil komme tilbake til saka, etter ein nærmare gjennomgang av det nye kostnadsoverslaget.

Investeringar ved regionale lufthamner

Beløpet på 156,6 millionar kroner som er ført opp til investeringar ved regionale lufthamner fordeler seg slik:

  • 22,2 millionar kroner som sluttløyving til ny flyplass i Båtsfjord. Den nye flyplassen vil bli tatt i bruk hausten 1999. Byggjearbeidet tok til i 1997, og den nye flyplassen har eit kostnadsoverslag på om lag 170 millionar kroner.
  • 39 millionar kroner til teknisk-operativ oppgradering av lufthamner. Av dette beløpet skal 26,6 millionar kroner nyttast å gjere ferdig arbeidet med å forlengje rullebanen ved Florø lufthamn. Resten av løyvinga skal nyttast til mellom anna oppgradering av endefelt og lysanlegg ved lufthamnene i Berlevåg, Sørkjosen og Rørvik og til sluttløyving til arbeid med å forlengje rullebanen ved Brønnøysund lufthamn.
  • 20 millionar kroner til kjøp av rullande materiell som i all hovudsak nyttast i banevedlikhald, brann- og havariteneste.
  • 7,4 millionar kroner til flynavigasjonsanlegg og utstyr til vertenesta for flytrafikken.
  • 68 millionar kroner til bygg og anlegg. Av dette beløpet gjeld 15 millionar kroner bygging av nytt tårn på Florø lufthamn. Resten av løyvinga vil bli nytta til å gjere ferdig utbygging av nye kontrolltårn ved Brønnøysund lufthamn og Namsos lufthamn og reasfaltering ved inntil to lufthamner. Inngjerdinga ved Namsos lufthamn vil bli forbetra. Det er elles sett av midlar til ein del andre oppgraderingstiltak.

Trafikkutvikling

I budsjettframlegget er det rekna med nullvekst i volum for trafikkinntektene for Luftfartsverket i 2000. Dessutan er det lagt til grunn ein gjennomsnittleg auke i satsane for luftfartsavgifter med to prosent.

Luftfartstilsynet

108,8 millionar kroner er sett av til Luftfartstilsynet, som frå 1. januar neste år vil vere eit ordinært forvaltningsorgan under Samferdselsdepartementet. Luftfartsverket sine tilsynsoppgåver og oppgåver som luftfartsstyresmakt vil i all hovudsak frå og med denne datoen bli overførte til Luftfartstilsynet.

Havarikommisjonen for sivil luftfart

Til Havarikommisjonen for sivil luftfart er det gjort framlegg om å løyve 8,5 millionar kroner. Havarikommisjonen blei frå 1. juli i år oppretta som eit forvaltningsorgan under Samferdselsdepartementet.

Lagt inn 4. oktober 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen