Historisk arkiv

Magnus Stangeland ny leiar for styret i Posten Norge BA

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 111/1999
Dato: 08.10.1999

Magnus Stangeland ny leiar for styret i Posten Norge BA

Direktør Magnus Stangeland, Austevoll i Hordaland, er ved ekstraordinær generalforsamling i Posten Norge BA i dag vald som ny leiar av styret for Posten Norge BA, med verknad frå og med 16. oktober i år. Han tar over etter Eivind Reiten, som har bede om å bli fritatt frå vervet som leiar av styret.

- Då Eivind Reiten i vår blei oppnemnd som ein av dei fire norske kandidatane til verv som aksjonærvalde medlemmer av styret i det nye selskapet som blir oppretta ved samanslåing av Telenor AS og Telia AB, gjorde han det klart at han ikkje kunne ha verv som medlem i styra for både Posten Norge BA og det nye teleselskapet. Eivind Reiten fortener stor takk for sin innsats i ei tid med omstrukturering for selskapet. I ein overgangsperiode vil påtroppande og avtroppande styreleiar arbeide nært saman i samband med utpeiking av ny konsernsjef for Posten Norge BA, seier samferdselsminister Dag Jostein Fjærvoll, som er generalforsamling i selskapet.

Magnus Stangeland har tidlegare vore stortingsrepresentant og leiar av samferdselskomiteen i Stortinget.

Valet av Stangeland som ny leiar av styret for Posten Norge BA gjeld for tida fram til og med ordinært val av styre ved generalforsamlinga i 2000.

Lagt inn 8. oktober 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen