Historisk arkiv

Per-Arne Skogstad tilsett som luftfartsdirektør

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr. 148/99
Dato: 22.12.99

Luftfartstilsynet: Per-Arne Skogstad tilsett som luftfartsdirektør

Per-Arne Skogstad er i statsråd i dag tilsett som luftfartsdirektør og leiar av Luftfartstilsynet, som frå 1. januar 2000 blir oppretta som eit eige forvaltningsorgan under Samferdselsdepartementet.

Per-Arne Skogstad er 47 år og har samfunnsvitskapleg embetseksamen frå Universitetet i Bergen i 1984. Frå 1985 til 1991 var han tilsett ved Universitetet i Oslo, som seksjonsleiar, avdelingsleiar og underdirektør. I tida 1991-98 var han tilsett i Justisdepartementet, først som underdirektør, deretter som avdelingsdirektør og ekspedisjonssjef. Skogstad blei tilsett som direktør i Luftfartsinspeksjonen i Luftfartsverket i mars i år.

Luftfartsverket sine oppgåver som styres- og tilsynsmakt innan luftfart vil frå 1. januar 2000 bli skilde ut og overførte til det nyoppretta Luftfartstilsynet. Luftfartstilsynet skal arbeide for at luftfartsverksemda i Noreg skal skje på ein trygg og effektiv måte. Tilsynet skal fastsetje standardar og regelverk, og det skal gi løyve og godkjenne personar og selskap som skal få høve til å arbeide med og drive verksemd knytt til luftfart. Luftfartstilsynet skal også stå for kvalitetskontroll av materiell, sertifisering av verkstader, flyselskap, andre operatørar og personell. Luftfartstilsynet skal skrive ut sertifikat til pilotar og kabinpersonell. Dessutan skal Luftfartstilsynet drive tilsyn med sikte på at regelverk og fastsette vilkår blir følgde.

Lagt inn 22. desember 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen